Banksjef etterlyser meir privat risikokapital

I forbindelse med at Sparebanken Sogn og Fjordane må skjære ned på bemanninga, uttalar toppsjef Arvid Andenæs at eit stort problem er at der er for lite privat risikokapital i fylket.

SG har tidlegare påpeikt at privat kapital er ein viktig ressurs som kjem ut av oppdrettsnæringa. Stor kapital frå inn- og utland er vel og bra, men mange lokale prosjekt krev lokale interesser for å bli iverksette. Lik eins er det først og fremst lokale selskap og investorar som finansierer gjennom dei lokale bankane. Inga kystnæring har i dei seinare åra bygd opp kapital så raskt som lakseoppdrett.

Kjelde: Avisa Firda, laurdag 8. oktober

Les også: http://salmongroup.no/aktuelt/2011/03/salmon-blog-privat-kapital-er-ein-ressurs/