5 konsesjonar sto for 68 % av alt overskotet i kommunen
Ei case-studie utført av Johan Magerøy, på oppdrag for SG, synte at dei to matfiskselskapa Flokenes Fiskefarm AS og Landøy Fiskeoppdrett AS sto for 68% av overskotet til alle 104 aksjeselskapa i Askvoll kommune sett under eitt i 2009.
Dei to lokaleigde selskapa er begge aksjonærar i Salmon Group, og representerar 5 av 12 konsesjonar som er i drift i kommunen. Dei hadde ein omsetnad på tilsaman 86,9 millionar kroner, noko som tilsvarte 18 % av ein total omsetnad på 475,7 millionar for alle AS i kommunen. Med 17,7 av totalt 26 millionar i overskot, syner det tydeleg at lakseoppdrett har hatt heilt andre marginar enn andre næringar i denne typen distriktskommunar.
2009 var eit svært godt år for oppdrett. Eit gjennomsnitt utrekna på fleire år ville truleg gjeve ein del lågare forholdstal. Likevel syner dette at næringa er den aller viktigaste næringa kva gjeld lønsemd og kapitaldanning i mange kommunar på kysten og i fjordane. Talmaterialet vart gjort tilgjengeleg av Lindorff på bestilling frå SG og Johan Magerøy. Dersom du ynskjer å lese heile rapporten som vart levert som ei høyringsuttale til Gullestad-rapporten, kan du ta kontakt med underteikna.
Tekst: Øyvind Kråkås