Vossoprosjektet- når handling er gull verdt for villaksen

Årets tilbakevandring av laks til Vossovassdraget, syner at prosjektet med gjenoppbygging av stammen har vore ein suksess over alle forventningar. Gjennom Vossolauget har opdrettarar saman med elveeigarar, forvaltning, forskarar og kraftindustri bygd opp att det miljøvernministeren har kalla vår viktigaste laksestamme.

Under Aqua Nor mottok prosjektet Fiskeridirektoratet sin miljøpris for 2011. Frå å vere på det næraste utrydda, syner årets teljingar at fleire tusen laks vil vere venta i elva til gytetida i november. I år står prosjektet for ein smoltproduksjon på 160.000 smolt, noko ein vil oppretthalde dei to komande åra og. Prosjektet er spesielt med sin kombinasjon av ulike strategiar for overleving hos smolten, der sleping av smolt i tankar ut i opent hav, er den mest unike.

Målet er at prosjektet skal setje Vossolaksen i stand til å reprodusere utan hjelp, altså å få bestanden over det kritiske minimumet. Generelt har villaksen sine våpendragarar sjeldan vore villege til å framheve nokre elvar som viktigare enn andre, men då miljøvernminister Erik Solheim vitja vestlandet tidlegare i år, slo han fast at Vossolaksen var eit norsk ansvar til samanlikning med den sibirske tigeren. I så fall må det vere spesielt viktig at prosjektet lukkast so godt.

Salmon Group har no slutta seg til blant bidragsytarane i Vossolauget, og vi vonar at dette prosjektet skal danne mal for fleire tilsvarande prosjekt. Arbeidet som er gjort står for eit tidsskifte i kultiveringsarbeidet i norske vassdrag, og kastar kol på ein del gamle dogma kring dette temaet.

Tekst: Øyvind Kråkås