“Vi har ein mett diskusjon”
Tysdag 6. september var landbruks- og matminister Lars Peder Brekk på vitjing hos Sævareid Fiskeanlegg. Lokale havbruksaktørar fekk her presentere sine verksemder, og utfordringane dei har med å skape verdiar for framtida. Mellom desse var Håkon Tombre, som meinar at diskusjonen om næring i Noreg er prega av at vi kan ta oss råd til ein del særordningar og reguleringar, som er med og hemmar utviklinga.
Ministeren kom til Sævareid i fylgje med sin sekretær, ordføraren i Fusa og lokale Senterpartifolk. Her kom dei til eit moderne settefiskanlegg under utvikling. Ved sidan av dagleg leiar ved anlegget, Gustav Folkestad, fekk Erlend Haugarvoll frå Lingalaks og Håkon Tombre frå Tombre-gruppa legge fram sine presentasjonar.
Hardangerfjord-forskrifta var mellom problemstillingane som sto i fokus. Erlend Haugarvoll forklarte her at det som eigentleg skulle bli ei såkalla ”frys-forskrift”, vil slå ut som ein stor reduksjon i den reelle produksjonen. Dette kjem seg av at ein går ut frå teoretiske tal, i staden for å ta utgangspunkt i den reelle ståande biomassen i fjordsystemet. Eigentleg er det berre nokre få, korte periodar i løpet av året at den ståande biomassen i Hardangerfjorden er over den målsette grensa på 50.000 tonn. Med ei innføring av den varsla forskrifta, vil den teoretiske biomassen bli på 50.000 tonn, og den reelle vil toppe på vel 30.000 tonn. Ein slik reduksjon vil vere dramatisk.
Gullestad-utvalet sine føreslåtte tiltak er og eit heitt tema i desse tider, og vart sjølvsagt teke fram under møtet. Hardanger er eit område som allereie i dag ser eit sonesystem som kan gjere seg gjeldande i nær framtid, og utvalet sine forslag til innføring av produksjonsområde vi vere ei skjerping av denne problematikken. ”Det tek tre år frå rogn til ferdig matfisk, og kvart tredje, fjerde år må næringa omstille seg. Vi brenn mykje krut berre på stadige tilpassingar til endra rammevilkår”, sa Håkon Tombre. Han meiner den statlege rikdomen i landet vårt har villeia oss i ein del av dei vala som blir tekne for næringslivet.
Erlend Haugarvoll snakka om teknologiutvikling som verksemda hans delteke i, både for lukka einingar og oppsamling av gjødsel frå opne anlegg. Gustav Folkestad framheva at ein her må stimulere den utviklinga som blir gjort for betre fiskehelse, framfor å la miljøvernarar styre kva som skal vere dagsorden, til dømes gjennom ”hemmelege avtalar”, slik vi har fått høyre om ei tid attende. Eit anna viktig tema var tildeling av areal til lakseproduksjon. Akkurat som på møtet med Per Kristian Foss i Florø, vart det her peika på at kommunane sitt manglande planarbeid, er med og set ”propp i holet” i høve til å få tildelt nye lokalitetar.
Ministeren, som sjølv har ein bakgrunn frå både fiskarlag og havbruksnæringa, presenterte seg som ein varm forsvarer for havbruk, og lova å målbære næringa sine interesser både i regjeringa og i Senterpartiet. I motsetnad til regjeringskollega Erik Solheim, meinte han at næringa no er komne på offensiven med å handtere miljøutfordringar. Møtet sitt menneskelege høgdepunkt, var då Brekk sin tidlegare fiskarlagskollega, oppdrettsveteranen Trygve Holmefjord, overrekte boka som Bolaks AS har gjeve ut i høve sitt 35 års jubileum. ”Trygve var ein læremeister for meg”, sa ministeren.
Tekst: Øyvind Kråkås