Sunnmørsposten uforståande til SG sin kritikk

På kyst.no stilte Sunnmørsposten seg uforståande til SG sin kritikk, og meinte dei ikkje hadde gjort noko som svekka deira integritet. Vi er på vår side meir opptekne av kva dei ikkje har gjort…

Det vi har sett er at Sunnmørsposten var levande opptekne av laksen i dei to aktuelle elvane så lenge der var snakk om at det kunne dreie seg om ei rømming. Dei medierte knallhard kritikk og skråsikre observasjonar frå lokale fiskarar. Når prøvane synte at desse kjeldene tok feil, mista avisa all interesse for saka. Det som viste seg å vere ei gladsak av heilt uføresette dimensjonar, hadde då ikkje lenger verdi for Sunnmørsposten.

At laksen har ei langt større kraft til å vende tilbake enn det fosrkarar og fylkesmenn og elvefiskarar har trudd, er altå ikkje interessant for Sunnmørspoten. Det som var interessant, var at nokon trudde det kunne ha skjedd noko kriminelt, og at dei ynskte strenge straffer for desse som kanskje kunne ha gjort noko kriminelt. Det var verkeleg nyhende det. Her stør avisa seg på god, tabloid tradisjon.SG ser fram til å fylgje med på Sunnmørsposten si dekning av havbruk og elvane framover.

Les meir om saka på linkane under:

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=92380

http://salmongroup.no/aktuelt/2011/08/salmon-blog-nar-dei-rette-har-bestemt-seg/

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=92370

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=92345

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=92251

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=92186

Tekst: Øyvind Kråkås