Salmon is our specialty!
Når guiden på veg inn til Vancouver får spørsmål om kva varer som er typiske for området, er ho snar med å falby laksen. Den finst i alle slags variantar, i kioskar, restaurantar og butikkar.
For dei reisande frå Noreg, er menyane i British Columbia ein sann svir. Laks og aure er å finne til forrett og hovudrett på alle etablissement. Steikt, kokt, røykt og tartar. Og skulle du ynskje eit mellommåktid, får du tørka laks i remser. Frå Vancouver, har reisefylgjet bevega seg til Vancouver Island. Først til den vakre byen Victoria, og no vidare til Tofino, der det skal fiskast ute på storhavet.
Tekst: Øyvind Kråkås