Salmon Blog: Når det ikkje kostar noko å forlange

Der er mange som ynskjer alle tiltak velkomne for å bekjempe rømming og lakselus. Helst flest mogleg tiltak, helst med ein gong. Forslag om nye tiltak, nye krav og nye standardar dukkar opp nesten dagstøtt i media. Filosofien er at elt må prøvast, for å finne ut kva som lukkast. Jo fleire tiltak, desto større sjanse til å lukkast med noko. For det skadar vel ikkje å prøve?

Problemet for den som har skoen på, oppdrettsnæringa, er at alle tiltak kostar og er krevjande. Omlegging av produksjonsrutinar, kjøp og tilpassing av nytt utstyr, fleire oppgåver knytte til rapportering og, på toppen av det heile, stor usikkerheit om kva det neste blir. Alt dette skaper vanskelege rammer for oppdrettsnæringa.

Og det er ikkje det at ein ikkje ynskjer å lukkast med tiltaka. Men slik det er i dag, er eit tiltak knapt kome i drift, før eit nytt står for døra. Samstundes med at ein stiller heilt nye krav til anlegg og utstyr, er det dei som meiner at den typen anlegg og utstyr som det no vert krav om, bør verte forbode i løpet av to år! Slikt er det ikkje råd å innrette seg etter.

Det vi ser, er at det blir lagt stor vekt på ulike miljørørsler sine holdningar til næringa, og kvalitetssikringa av desse vert gjort i byråkratiske fagutval. Heilt til slutt, når ideane har kokt på i media i årevis, vert næringa spurt om kva den tykkjer, etter at statsråden har fått meisterplanen inn på sitt bord. All tid før dette, har praktiske råd frå dei som kan næringa, vore uynskte.

I gode tider er ei næring bortimot vergelaus mot innspel om nye skattar, nye krav og nye forbod som skal fordyre og forbetre næringa sitt tilhøve til omgjevnadane. Men den som driv næring, veit at mykje handlar om å ha fokus på kostnader. Ein kan ikkje shoppe ny teknologi og usikre løysingar på impuls, i håp om at det skal vere brukande.

Retten til å foreslå bør alle ha, men dei forslaga som skal kome like inn på statsråden sin pult, bør vere kvalitetssikra opp mot konsekvensane dei vil få, og sjansen dei har for å vere dei rette tiltaka mot dei adresserte problema. Mange av dei aktørane som er mest skråsikre på kva tiltak som vil vere dei riktige, har inga praktisk erfaring frå næringa. Langt mindre har dei noko å tape dersom det skulle slå fullstendig feil. Då er dei vidare på nye ekspertområde, med uavgrensa kunnskap og null risiko.

Salmon Group forventar at styresmaktene no utgreiar kva tiltaka retta mot oppdrettsnæringa samla vil medføre, næringsmessig og samfunnsøkonomisk. For det er faktisk ikkje gode idear menneska lever av. Det er gode løysingar.

Tekst: Øyvind Kråkås