Salmon Blog: Næring og underernæring

Vi må slutte å tru at ulønsam næring er like god som lønsam næring. Å ta til orde for å erstatte lønsam næring med ulønsam, eller å satse på ulønsam næring framfor å utvikle lønsam næring, er manglande forståing for kva eit godt næringsliv betyr for oss alle.

For nokre år sidan sa dåverande NHO president, Jens Ulltveit-Moe, at eit problem for kysten, var at så mange insisterte på å drive med ting der strengt tatt ikkje var grunnlag for å drive med, framfor å drive med slikt ein burde drive med. Det vart sagt av ein storkapitalist frå Oslo. Han slapp å ottast for at bygda hans skulle bli nedlagd, at skulen og nærbutikken skulle forsvinne, at bussen skulle slutte å gå og posten skulle slutte å komme. Det var sagt frå toppen, og som kjent; mykje ser skrøpeleg lite ut derifrå. Likevel var der noko i det.

”Omstilling” er eit varig mantra i distriktspolitikken, og på styremøta i dei store industriverksemdene. Ordet er frykta, tidvis hata, for i kjølvatnet fyl ofte oppseiingar, usikkerheit og avkall på gamal kunnskap. Samstundes er omstillingane der, anten vi snakkar om dei eller ikkje. Viktige næringar vert flagga ut, eller beint fram fasa ut. I høgkostlandet Noreg, der arbeidskraft er mellom dei dyraste innsatsfaktorane, vert arbeidsintensiv produksjon altfor kostbar. Der vi ikkje klarar å erstatte folk med maskiner, vert fabrikkane tømde og arbeidarane sette på porten. Der er nokon i eit anna land som er villeg til å jobbe mykje billegare, målt i internasjonal konkurranseevne. Vår evne til å få selje noko framfor nokon andre. Det resten av verda først og fremst vil kjøpe av Noreg, er olje, gass og fisk.

I den grad Noreg har vore ein viktig leverandør av foredla råvarer til verda, etter at oljen kom og løfta lønnsnivået, har det vore tufta på ein annan naturgjeven energiressurs; vasskrafta. Produksjonen av ferdigvarer i Noreg, har gått stadig nedover, både for innanlands forbruk og  for eksport. Ofte kjennest det som at noko viktig i samfunnet døyr når industri vert borte. Vi ynskjer at noko skal dukke opp og berge han. Og ofte tenkjer vi på staten i den samanheng. Men som regel bør det bli med ynsket. I økonomifaget snakkar ein ofte om ”Hollandsk sykje”. Hollendarane har danna pensum i dårleg  bruk av nasjonale verdiar, då rike gassførekomstar vart nytta til ei subsidiering av ulønsam næring og oppbygging av ein stor offentleg sektor. Ein brukte lønsemd til å byggje opp noko som aldri ville bli lønsamt i seg sjølv. Når lønsemda var borte, sto ein att med ei stor ulønsemd.

Det er ein lang og brei diskusjon, dette med riktig bruk av nasjonal rikdom, men grunnen til at eg tek det opp denne gongen, er at ein no gir til kjenne ein valfridom for kva næringar norske kommunar skal tillate på sine areal. Og misforstå meg ikkje, eg er ein forkjempar for meir lokal sjølvråderett, det er berre viktig at ein skjønar kva som er realitetane bak desse vala. Når ein til dømes ikkje vil yte areal til oppdrett, skuldar ein på konflikten med andre omsyn, og at ein gjennom havbruk får for lite att til fellesskapen. Då vert dei legitime spørsmåla; kva omsyn kjem ein i konflikt med, og kva tilbyr desse omsyna av gode til fellesskapen?

I nokre tilfelle er der ein legitim konflikt mot fiskeriinteresser. Der står altså to sjømatnæringar mot kvarandre. Interessa av å oppretthalde gode fiskebestandar og ei god fiskerinæring, går att hos dei fleste oppdrettarar. Mange driv faktisk i begge bransjar, og vi er saman om Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening. Ein må her prøve å skape plass nok for begge omsyn, noko ein i stor grad har suksess med. Eit problem er at forvaltninga ligg langt bakom sann tid i sine situasjonsbilete. Der dukkar det opp stengjeplassar og liknande fasilitetar som ingen har gjort seg nytte av i manns minne. Der trengst ei opphenting. Like fullt er det slik at den største arealbrukaren på kysten, er skipsfarten. Stort sett er denne heva over dagleg arealdiskusjon.

Den vanlegaste ankeparten på dei lokalitetane som blir omsøkte til oppdrettsføremål, er korkje skipsfart eller fiskeri, men fritidsinteresser. Hyttefolk klagar mest. No vil eg ikkje trekke konklusjonen at hyttefolk har vorte koloniherrar på kysten. Deltidsbefolkninga er viktig for mange verksemder i kommunane. Likevel må der dannast normer for kor stor makt desse skal ha utanfor si eiga tomtegrense. At desse menneska ikkje betalar inntektsskatt til kommunen, ikkje bidrar til overføringar frå staten slik som fastbuande, og ikkje opprettheld skular eller barnehagar, er omsyn som bør ligge til grunn for prisinga av deira synspunkt. Høyrt bør dei bli, eigedomsretten bør gjelde for alle, men at dei skal kunne stogge næringsutvikling, er å gå altfor langt.

Å avsetje plass til næring, og på denne måten å velje satsingsområde, er opp til kommunane gjennom planarbeid. Det vi ser, er at planarbeidet i altfor lita grad klarar å halde tritt med nærings- og samfunnsutviklinga. Fylkesmenn skuldar på seindrektige kommunar, som skuldar på svak økonomi og for liten arbeidskapasitet. Saker stoppar opp i eit vakuum, utbyggingar må vente, næring lir av underernæring. Det som i alle fall er viktig, når planarbeidet ein dag vert gjort, er at ein prioriterar næringar som er levedyktige. Kva næringar der skulle vere meir attraktivt å avstå areal til enn havbruk, er eg usikker på. Og i alle fall har eg vanskar med å sjå at dette skulle vere næringar som i stor grad konkurrerar om dei same areala.

Det minst truverdige kommunane kan gjere, er å vise til satsingsområde som ligg langt vekke frå å kunne bære seg sjølve. Småskala produksjon og nisjeturisme kan vere fine ting for dei få, men der ligg lite løfteevne for lokalsamfunna i slike prosjekt. Stort sett må dei støast av fellesskapen so langt inn i framtida som nokon kan sjå. Og for alle som skal støast, må der vere nokon som er sterke nok til å stø seg på. Der er framleis havbruk, fiskeri, skipsfart og servicenæringar knytte til desse, heilt avgjerande for samfunna på kysten. Det er sjølvsagt lov for den som vil å ynskje seg bort frå det. Men å seie at det er tenleg å regulere desse næringane bort, må utløyse ei forklaringsbyrde som fell på dei aktuelle profetane sine skuldra. For det er framleis ikkje gode idear vi lever av. Det er gode resultat.

Tekst: Øyvind Kråkås