Salmon Blog: Bostick går på limpinnen

Det er eit spørsmål som alltid jagar oppdrettsmotstandarar ut i svadaens urskog; Kva vil du anbefale folk å ete?

I forbindelse med at Aquaculture Stewardship Council (ASC) no er på plass, har Intrafish intervjua Katherine Bostick, senior program officer i WWF. Ho tilrår sjølvsagt tilslutning til ASC, nok eit godkjenningsorgan som skal skumme pengar inn i miljøvitarane sine lommer. Når ho får spørsmål om ho med dette vil anbefale at forbrukarane skal ete oppdrettslaks, hamnar ho sjølvsagt i knipa. Det er nemleg ikkje slik at nok ei kostbar sertifisering skal løyse næringa av kroken på nokon måte. Akkurat som arealavgifta, er dette berre nok ein prøvestein på næringa si toleevne overfor nye skattar.

”Vårt fokus er å ta opp dei viktigaste konsekvensane av ulike aktivitetar, (…) snarare enn å godkjenne eit produkt framfor eit anna. Det er utfordringar og muligheiter knytt til alle bransjar, og til slutt håpar me forbrukarane berre vil ha bærekraftige val”, seier Bostick. Med dette understrekar ho at miljørørsla si oppgåve er å vere problemfokusert, ikkje løysingsorientert. WWF vil ikkje seie noko om kva du bør velje, dei kan berre bistå deg med å finne grunnar til å velje vekk alt. Det er altså uråd å vite kva ein skal bli mett på i påvente av at vi ”berre har bærekraftige val”.

Frå å vere aksjonistar, har ei ekspansiv miljørørsle gått stadig meir i retning av å selje konsulenttenester. Mange har betalt for deira tenester, nokre fordi dei trur dei skal få hjelp til å bli ”meir miljøvenlege”, andre fordi dei berre håpar å få vere i fred. Sistnemnde har truleg vorte mest tilfredstilte, trass alt. Det ligg for mykje risiko i å anbefale, og der finst, som Bostick seier, ”alltid utfordringar”. Den dagen eit stort miljøproblem er løyst, bør der helst stå ein del nye og vente på organisasjonane sin stab av miljøvitarar.

Ein kan saktens lure på kvifor folk trur meir på desse konsulentane med ujamn skulering og manglande praktiske erfaringar enn ein trur på dei som har rikeleg av begge desse kriteria. Grunnen kan ligge i at vi er eit samfunn som har få reelle fiendebilete, så vi utviklar ein paranoia for den indre fienden. Staten og dei rike er ute etter oss. Desse miljøprofetane blir då dei gravande og sanningssøkjande som vågar å utfordre etablissementet. Dilemmaet for ein revolusjonær, vil alltid oppstå når ein kjem til makta, og ikkje kan spele på opprør lenger. Når miljøorganisasjonane har vorte så mektige at ein er villeg til å legge skjebnen over i deira hender, flakkar dei med blikket. Å velje løysingar er ikkje deira sak, dei vil berre påpeike problem, og peike på at der finst løysingar, om berre ikkje staten og dei rike var så umoralske.

Bostick sine utsegner, avslørar at ein del organisasjonar etter kvart har meir makt og innflytelse enn dei har evne til å handtere. Og som Carl I. Hagen og Oslo Frp, vil dei då trekke seg attende frå posisjonen for å nyte godt av å vere i konstant opposisjon. Det ville vere fatalt for miljørådgjevarane i WWF å hamne i posisjon. Om Katherine Bostick skulle bli fiskeriminister eller Rasmus Hansson miljøvernminister, ville dei bli prøvde på si evne til å løyse problem. Det ville venteleg gå dårleg. Deira spisskompetanse er å påpeike problem. Helst like fort som andre klarar å løyse dei. ”Til slutt håpar me forbrukarane berre har bærekraftige val”, seier Bostick. For hennar del håpar eg ho er pensjonist før det skjer.

Tekst: Øyvind Kråkås