Salmon Blog: Album utan det store biletet
Naturvernforbundet sin fiskerirådgjevar, Gunnar Album, meinar det er irrelevant at laks er meir effektiv i si utnytting av fôret enn kylling og svin. For i den saka vil han heller setje fokus på uttaket av verdas silderessursar. Det syner at miljørørsla framleis er meir aktivistar enn ei heilskapeleg miljøpolitisk plattform.
I dette tilfellet er det slik at Album må vekte ulike miljøomsyn for å kome til ein konklusjon. Det er vanskeleg å sjå korleis denne vektinga har gått føre seg, fordi det er lite konsekvens i det han seier. Han vel å setje fingeren på overuttak av fiskebestandar, men i så måte er framgangsmåten lite effektiv. Det er nemleg ikkje slik at oppdrettsnæringa pressar på for å ta ut meir sildefisk i verda. Produksjonen av sildemjøl og sildeolje har ikkje eksplodert med oppdrettsnæringa sin vekst. Ein har berre fått eit meir høgverdig bruksområde. Før i tida gjekk sildeoljen til brensel, eller i margarinindustrien. Her kom ikkje omega 3 feittsyrene til noka nytte.
Som alle som har selt sild vil vite; mjøl- og oljeproduksjon er ikkje nokon attraktiv konkurrent til konsummarknaden. At oppdrettsnæringa skulle vere ein overbyder for høgkvalitets sild, er ønsketenking for fiskarar og mottak. Berre for Album og hans tankefellar, synest det å vere ein realitet. Dessutan vil der jo uansett bruksområde, vere eit overuttak, slik Album legge det fram. Her bør han jo vite at det absolutt ikkje er fiskarane eller industrien som avgjere kor mykje sild som skal fiskast. Denne avgjerda skjer politisk.
Snakkar ein med folk på Kystvakta, seier dei at vi har eit stort problem med overfiske, rett utanfor våre grenser. Der ligg trålarane frå EU og dumper fangstar som går rett til botnen. Denne fisken går til spille, og det er store mengder ein snakkar om. Dette er problemstillingar som Album burde ivre for, framfor å blåse ut om fisket utanfor Sør-Amerika, der han har liten kunnskap om fangstapparat, mottaksapparat og marknadsapparat. Der blir han grunn i sine tilnærmingar.
Problemet med utøvarar som Album, er at deira fremste våpen er å markere seg i media. Då fengar det langt meir å finne nasjonale syndebukkar, enn internasjonale. Og der er stor makt i desse organisasjonane, frå å vere fargeklattar med eit slags Sosialistisk Ungdom -stempel, har dei no blitt kledde opp til politikarane sine uoffisielle rådgjevarar, og sanningsvitne i miljøspørsmål. Realpolitiske motargument, skepsis til det økonomiske grunnlaget eller andre motargument, vert avviste som bortforklaringar. Kappa snur dei effektivt etter vinden, fordi det aldri var dei som tok avgjerda, dei sto der berre og pressa ho fram.
Det er eit anna godt døme på at norske miljøorganisasjonar er fanga i sin eigen argumentasjon, når dei har stått så hardt på for biodrivstoff. Dette er ei satsing som, takka vere tunge subsidiar, har fått vegetabilske råvarer til å fylle drivstofftankar framfor svoltne magar. Norske miljøorganisasjonar vil ikkje snakke om ein manko på tilgangen av korn og jordbruksprodukt, og dermed må dei og bagatellisere bruken av vegetabilsk råstoff i dyrefôr. ”Kylling kan spise hva som helst”, seier Album. Lettvint og greitt. Kva som helst, finne ein jo kvar som helst, når som helst.
Også i diskusjonen kring lukka anlegg ser vi miljøvernarane si manglande evne til å vekte ulike omsyn på same tid. No krev dei lukka anlegg over heile linja. Ein annan gjeng labbar rundt i Hardanger og på Møre og vil stogge utbygginga av høgspentmaster. I dag har vi altså ein ekstremt lite energikrevjande, naturbasert metode for å oppdrette laks. Denne vil ein erstatte med pumper som krev mykje straum. Og den vanlege måten å transportere straum, er i linjer spent opp mellom master. Skal ein produsere meir straum, vil det først og fremst skje gjennom vasskraft, som i sin tur vil ramme laksen i elvane. Eit anna alternativ er vindmøller, som krev landskapsinngrep og drep sjøfugl. Der er altså ei rekke omsyn å sortere i. Folk som driv med noko, eller folk som skal ta avgjerder, må velje. Miljøvernarane vel i form av å ta fram ulike element til ulike høve. Dermed er det meste utilrådeleg, til ulike tidspunkt.
Ved dette høvet vel Album å kaste klimaeffekt, ernæring og råstoffutnytting tilsides, for å fokusere på overfiske. Ein annan gong kan rekkefylgja vere endra, fordi det høver betre inn i Album sin argumentasjon. Der har han ein kjempefordel i diskusjonen i høve til politikarar og næringsaktørar. Desse må stå oppe med konsekvensane, og dei vala dei tek. Dei må ta innover seg mest mogleg av det store biletet. Det ansvaret manglar Album. Han er alltid der sola skin.
Tekst: Øyvind Kråkås