Refs til politisk politiadvokat

Rett før påske reagerte SG hardt på politiadvokat Nils Kristian Grønvik sine uttalelsar til Dagens Næringsliv om at oppdrettarar fekk drive med miljøkriminalitet heilt upåakta, og at straffene måtte skjerpast. No har riksadvokaten reagert med å refse Grønvik.

Det var etter Salmar si store rømming i Trøndelag at politiadvokaten gjekk hardt ut og førehandsprosederte den saka han var sett til å etterforske. No seier riksadvokaten at Grønvik sine utspel “fremstår som stridende mot normer for god påtaleskikk og retningslinjer for meddelelse til offentligheten om straffesaker”.

Frå sine lokale overordna får Grønvik, i god polititradisjon, derimot meir støtte: Politimeisteren i Sør-Trøndelag meinar at det “sett i forhold til volumet på den aktuelle rømmingen” er vanskeleg å sjå at Grønvik burde uttalt seg anleis. Førstestatsadvokaten i same fylket nøyer seg med å seie at politiadvokaten “sannsynligvis på enkelte punkter gikk noe for langt i å gi ytringer som angår havbruksnæringen generelt”. Ein skal her vere klar over at sistnemnde er ei ganske krass korrigering trass alt, frå ein etat som nesten aldri tek sjølvkritikk.

Salmon Group er glade for at denne saka har vorte teken fatt i, og håpar at Grønvik no kjenner rammene betre for den stillinga han so tillitsfullt er plassert i. Les meir om saka i linkane under:

http://www.dn.no/forsiden/politikkSamfunn/article2126110.ece

http://salmongroup.no/aktuelt/2011/04/sg-har-toppsaka-pa-intrafish-i-paska/

Tekst: Øyvind Kråkås