Put your money where your mouth is

”Kan du forstå det, at medan ein vil at bilar, båtar og fly skal bli meir energieffektive, så ynskjer ein at fiskeoppdrett, som vert drive av sola og månen, skal gå over til å bruke enorme mengder energi?!” Canadiaren slår ut med armane. So trekke han på skuldrane, og føyer til; ”Men så lenge dei vil betale meg for det, skal eg endeleg vere med og ta pengane deira. Det er i alle fall bra at dei plasserar pengane der kjeften er”.

Dei han snakkar om, er dei velståande, naturverninteresserte nordamerikanarane, som vil flytte oppdrettsnæringa inn i lukka anlegg. Han skildrar dei som smarte folk. Dei hadde ikkje vore rike om dei berre var tullingar. Men dette med fisk og matproduksjon har dei lite greie på. Straum er noko dei trur kjem frå eit hol i veggen. Det påverkar ikkje naturen å lage kraft.

Mannen har mange år bak seg som utstyrsleverandør til oppdrettsnæringa i skoglandet nord på det amerikanske kontinentet. Han jobba med å støype båtar i glasfiber. Han la merke til at der kom trailerlass med kar til oppdrett langs motorvegen, og fekk greie på at dei kom heilt frå Noreg. Då heiv han seg rundt. ”Eit kar er mest som ein omvendt båt”, seier han. ”Dette var noko eg enkelt kunne begynne å produsere”.

I dag leverer han resirkuleringsløysingar for vatn til den same næringa. Dette har ført han inn i samarbeidet med dei velståande idealistane. Neste år håpar han dei har fisk i det nye systemet. Han meiner det kan vere ei framtid i å produsere større fisk i lukka system enn den smolten ein lagar i dag. Men nokon revolusjon med lukka produksjon av matfisk har han ikkje det grann tru på. ”Eg trur desse folka tek feil”, seier han. ”Men eg har likevel respekt for at dei puttar pengane sine der kjeften er”.

”Folk i det vestlege Amerika er opptekne av økomat”, kan han fortelje.” Men dei tek ikkje innover seg at laks oppdretta i sjøen er mat produsert ved hjelp av sola og månen. Tenk om nokon klarte å produsere gris og kylling berre ved hjelp av sola og månen som kraftkjelder! Då hadde ein skjønt kor naturleg ein slik produksjon er.” Han trur ikkje Canada vil oppleve nokon stor vekst i lakseproduksjonen, men seier han er like glad. Han har jobba eit år i oppvasken på Hotel Bristol i Bergen, etter at han under eit besøk i byen klatra opp i statuen av Christian Michelsen, ramla ned og braut ein arm og ein fot. Han har vener frå Noreg som kjem over og besøkjer han. Kvar gong tek dei med seg fenalår. Han hatar fenalår. Men han likar oppdrettslaks. ”Ein veit aldri kor fersk den villfanga fisken eigentleg er”, seier han.

Tekst: Øyvind Kråkås