Nok ein fylkesmann i underleg rolle
NRK melder at Anton Rikstad melder seg på i årets tevling mellom fylkesmennenes miljøvernavdelingar i å spekulere om ukjende smoltrømmingar i media.
Det vert hevda at tjue prosent av fisken som har gått opp i elva Namsen er rømt oppdrettslaks. NRK melder ikkje noko om korvidt dette er tal basert på testar, eller om ein har teke bilete av ein laks og sendt det inn for lettvint analyse hos Universitetet i Bergen, slik vi kjenner saksgangen frå den mystiske laksen i sunnmørselvane.
Iallefall er laksen stor, oppe i 15 kilo, noko som langt overgår det nokon oppdrettar ville spandere framfôring av. Dette tvingar Anton Rikstad ut i spekulasjonar, og ved sidan av å gjenta teorien om smoltrømming, slik hans kollega i Møre Og Romsdal var so heldig med, tenkjer han seg at det kan vere rømt stamfisk.
No er det ikkje først og fremst laksebestanden i elva denne offentlege tenestemannen ottast for. Han er meir uroa for den skuffelsen som kan ramme fiskarane i elva, og elva sitt renomme som leikeområde for fritidsfiskarar:
“Vassdraget har fått et dårlig rykte i forhold til sportsfiske, i forhold til salg av fiskeopplevelser. Det er en liten nedtur å få en oppdrettslaks i ei flott villakselv”, seier Rikstad til NRK.
Vi ynskjer Rikstad lukke til vidare i sitt arbeid for laksefiskarane sitt ve og vel, og håpar han er heldigere med si katastrofealarmering enn kollegaen i Møre og Romsdal. Det ville vere trist om det nok ein gong skulle syne seg å vere ei elv med ein svært god oppgang av villaks. Generelt sett har lite gått miljøvernavdelingane sin veg denne sommaren, med rekordfangstar av flott laks i mange elvar.
Les saka på NRK: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_trondelag/1.7780107
Tekst: Øyvind Kråkås