Oppdrett har skulda i tomme elvar, kalking har æra i gode elvar
Avisa Firda melder om rekordfiske i Flekkeelva i Sunnfjord. Når ein grunneigar blir beden om å finne svaret, viser han merkeleg nok ikkje til oppdrettsnæringa, sjølv om denne som kjent lagar alle problema for villaksen.
I staden vert det framheva at det truleg er kalking som har retta opp elva, til liks med utsett av yngel. Så var altså sure elvar eit problem likevel,og utsett av yngel kunne vere ei god løysing likevel. Vi minnar om alle dei som med stor tyngde har sagt at oppdrett er den einaste uavklarte trusselen mot villaksen.
Tekst: Øyvind Kråkås