Godt møte i nord

Administrasjonen i SG var 29. september på plass i Svolvær for å orientere aksjonærane i regionen om fôravtalane og vårt arbeid med rammevilkår for næringa.

Oppmøtet var godt, og vi hadde og gleda av gode innlegg frå våre leverandørar. Kva gjeld rammevilkår, ynskjer SG å trappe opp vårt arbeid på det som går spesifikt på landsdelen. Utover hausten vil vi be om møte med lokale politikarar og forvaltninga i Nordland. Tysdag vart det helde eit tilsvarande møte i Bergen, også der med godt frammøte. Attendemedlingane både i nord og sør er at høgsesongen har gått bra med omsyn til fôrlevering og kvalitet.

Tekst: Øyvind Kråkås