70 års jubilant fekk “Fiskehaueprisen” til odel og eige
21. september fylte den framleis svært aktive oppdrettsveteranen Ingvar Landøy 70 år. Men allereie 26. august vart han premiert av sin nabo og kollega Jostein Kråkås. For tredje gong vart han tildelt “Fiskehaueprisen” for sitt engasjement for næringa. Dermed har han prisen til odel og eige.
Den årlege sjakkelkastinga ved Sulefisk sin landbase på Eide, har blitt ein velkjend møteplass for folk i næringa. I år vart tittelen verande lokalt, då Ragnhild Strand, kona til ein av dei tilsette ved Sulefisk, gjekk av med sigeren. Som vanleg vart der servert sjømat, lekkert tilberedt av SG sin eigen meisterkokk, Johnny Kristoffer Kjæmpenes.
Arrangøren kviler ikkje på laurbæra. Neste års tevling er alt bestemt til den 24. august. Artisten Sigrid Moldestad er tinga til å opptre ved samlinga.
Tekst: Øyvind Kråkås