Søk i arkivet

Vurderte heile innsiget av laks ut frå bilete av to fiskar

Så var saka om professor Stefansson, Sunnmørsposten, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og dei to sunnmørselvane slett ikkje over. Siste vrien syner at nokon her har hatt ein medviten vilje til å få forskaren til å spreie feilinformasjon.

Då fisken strøymde opp i elvane Ørstaelva og Fyrdselva, vart det slege alarm frå fiskarane på elvekanten. Dei nekta å tru at så store mengder fisk brått kunne vende tilbake, og meinte og at fisken bar preg av å vere rømt oppdrettslaks. Ein fisk vart verifisert som rømling, og det var bilete frå buken av denne som vart sendt til professor Sigurd Stefansson ved Universitetet i Bergen. Biltetet vart sendt frå Sunnmørsposten sin journalist på havbrukssaker.

Basert på bileta, sa Stefansson at dette var truleg oppdrettsfisk. Dei 34 andre laksane som vart tekne skjellprøvar av, og synte seg å vere villfisk, hadde Stefansson ikkje noko kjennskap til. Dette var altså snakk om ein totalt induktivt konklusjon. Fylkesmannen sin representant på si side, Jon Ivar Eikeland, meinte at her var det snakk om resultata av ei smoltrømming for to år sidan. Gamle laksefiskarar sto i kø for å føregripe resultata av skjelprøvane ein sende til DNA testing. Det var ikkje trong for å tvile på at dette var oppdrettsfisk.

Så tok dei altså feil. Men nokon var så opptekne av å ha rett at dei fekk med seg professoren på å stadfeste si tru, mot betre vitande. Det er på høg tid at Sunnmørsposten og Fylkesmannen kjem fram og avklarar si rolle i denne saka. Denne typen tvilsam propaganda som her har funne stad, gagnar ingen.

Tekst: Øyvind Kråkås

Les om dei skråsikre elvefiskarane sin dom:

http://www.smp.no/nyheter/article354773.ece