Søk i arkivet

Vossolaksen strøymer attende

Vossolauget har eigen stand på AquaNor, der dei kan melde om svært god tilbakevandring til vassdraget.

Prosjektet er eit samarbeid mellom oppdrettsnæringa, kraftselskap og det offentlege. Prosjektet starta i 2008, og jobbar med fleire metodar for å auke opp bestanden av laks i Vosso til eit nivå som er reproduktivt. Mellom anna slepar ein smolt i ein tank forbi elvemunningen, slik at ein unngår lusepåslag og predatorar. Tidlegare har ein sett at sjøaure som står i utløpet av elva, er ein grådig konsument av laksesmolt.

Prosjektet har eit eige klekkeri som tek seg av produksjonen av yngel av Vossostammen. Laksen i Vosso er kjend for å vere spesielt stor. I år set ein ut 160.00 fisk. Prosjektet er sjølvsagt kostbart, men oppdrettsnæringa har vore ivrige bidragsytarar. Frå Salmon Group deltek Blom Fiskeoppdrett AS, KJ Eide Fiskeoppdrett AS, Fyllingsnes Fisk AS og Fjord drift AS.

Les meir om prosjektet i tidlegare sak: http://salmongroup.no/aktuelt/2011/02/535/

Tekst: Øyvind Kråkås