Søk i arkivet

Svært gledeleg for villaksen

Sesongen 2011 har synt seg å bli ein fantastisk opptur for mange lakseelvar. I Sogn og Fjordane har fleire elvar opplevd eventyrleg tilbakevandring, og på Sunnmøre var oppgangen av laks i to elvar så stor at forskarar først nekta å vedkjenne seg det.

Påstandane hagla om ei ikkje innmeld røming av oppdrettslaks, då elvane Ørstaelva og Fyrdselva plutseleg kokte av stor, fin laks. Dette er for godt til å vere naturleg, sa fiskeribiolog Sigurd Olav Stefansson ved Universitetet i Bergen, og koret av samstemde ekspertar byrja å snakke om ei økologisk katastrofe. Så kom DNA prøvane i retur frå villaksforskinga sitt eige øvsteråd; NINA, og dei synte at kun ein av 35 laksar som var tekne i dei aktuelle elvane, var genetisk forbundne med oppdrett.

Så var der altså enno noko å lære for dei som legg grunnlaget for norsk lakseforvaltning. Vi håpar at dette er med og gjev dei ei meir audmjuk tilnærming til faget sitt i framtida. Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet har lenge varsla betre tider for elvane, når laksen får betra sin mattilgang ute i havet. Han meiner det er tilhøva der som er mest avgjerande for dei ville laksestammane si attendevandring, og at oppdrett spelar ei langt mindre rolle enn det fagmiljøa har hengt seg fast ved dei seinare åra.

For vår del vil vi berre glede oss over dei rike førekomstane i elvane, og dei låge lusetala vi no ser i oppdrettsanlegga. Vi vonar at alle som har interesse av å hisse til ufred mellom havbruksnæringa og elveeigarane, no tek seg ein pause og finlese notata sine.

Tekst: Øyvind Kråkås