Søk i arkivet

Stor interesse for Integrert Akvakultur

Salmon Group sitt prosjektsamarbeid “Integrert Akvakultur” oppnådde svært positive resultat i forstudien som er gjennomført. Mange er interesserte i å fylgje med på prosjektet vidare.

Under AquaNor var prosjektgruppa i møte med Runde Miljøsenter og Norges Forskningsråd om moglege prosjektmidlar. Det vert lagt vekk på den forretningsorienterte modellen ein har valt for prosjektet, og utsiktene ein har til å kunne avsetje det ferdige produktet. Ein hadde og møte med miljøorganisasjonen Bellona, som har engasjert seg over tid i dette temaet.

Prosjektgruppa, med SG, Sulefisk og hollandske Hortimare, tek sikte på å finansiere oppstart av del to av prosjektet i haust. Her vil ein jobbe vidare med kunnskapen om produksjonsmåtar, samstundes som ein ynskjer å skaffe kunnskap om kva algedyrkinga har å seie for lokaliteten og laksen i merdane.

Job Schipper frå Hortimare vil stille på stand for prosjektet under Solunddagen på Hardbakke laurdag 27. august.

Tekst: Øyvind Kråkås