Søk i arkivet

Sotra Fiskeindustri norsk meister i røykelaks!

Under Aqua Nor kåra Norske Sjømatbedrifters Landsforbund laksen frå Sotra til den beste kaldrøykte røykelaksen i heile Noreg. 35 verksemder konkurrerte om tittelen, og nivået var svært høgt, seier Svein Reppe, fagsjef i NSL.

Verksemda med produksjon i Porsvika i Sund, er leda av Kjell Inge Eide. Med seg på eigarsida har han mellom andre Salmon Group-oppdrettar Knut Forland, til dagleg aktiv i Telavåg Fiskeoppdrett. Sotra Fiskeindustri tek årleg i mot nesten 25.000 tonn laks. Av dette blir omlag 20.000 tonn seld vidare fersk,  4000 tonn blir filitert, og 1400 tonn blir røykt. Men dette er ikkje nok til å dekke etterpurnaden, og når nye tørkeomnar er på plass, vil ein kunne produsere inntil 10 tonn laks pr åttetimars skift.

Ved sidan av å vere på plass i hyllene hos Rema 1000 og Coop, er laks frå Sotra å få i åtte italienske supermarknader. 70 prosent av fisken vert eksportert. Verksemda har søkt om å få utvide produksjonsanlegget, men har foreløpig stanga hovudet i veggen hos fylkesmannen. Om lag 150 menneske har jobb ved Sotra Fiskeindustri.

Kjelde: Vestnytt

http://vestnytt.no/nyheter/dei-lagar-noregs-beste-roykelaks/