Søk i arkivet

Salmon Blog: Professorar og profetar

Tilnærminga til kunnskapsbasert forvaltning av villaksen, har så langt for det meste bestått i at motstridande interesser har slege kvarandre i hovudet med tunge rapportar. Alle har brukt dei vitskaplege arbeida som passa dei best, og framheva desse med flotte titlar og krasse konklusjonar. På førsommaren kom der ein rapport som meinte mykje av forskinga var dårleg fagleg fundert, og basert på gjentakingar av dogmatiske synspunkt. Tilliten til dei etablerte fagmiljøa vart heller ikkje større etter “sensasjonen på Sunnmøre”…

Då elvane Ørstelva og Fyrdselva plutseleg kokte av laks på førsommaren, var ikkje fiskeribiolog Sigurd Olav Stefansson ved Universitetet i Bergen seint ute med å skulde på oppdrettsnæringa. Det kunne ikkje vere andre forklaringar enn stor rømming, meinte han, for stammen kunne ikkje plutseleg blusse opp slik. At hofforganet for oppdrettskritisk påfyll til forvaltninga, NINA, no må vere den som fortel at dette var heilt feil, er interessant. Berre ein av trettifem DNA-testa laksar frå dei aktuelle elvane var oppdrettslaks.

Denne gongen vart feilen i konklusjonen spikra på veggen. Som regel er det ikkje slik. Kjetil Hindar, forskingssjef ved det same NINA, svarte tidlegare Jan Arve Gjøvik sin rapport om feil i forskinga med at det sjølvsagt var mogleg dei tok feil av og til, men meir viktig og rett var det å frykte at dei kunne ha rett langt oftare enn dei maktar å bevise. Ei slik holdning gjev inga akademisk truverd.

Føre var prinsippet har vorte eit verkty som hemmar verdiskaping og næringsutvikling. Miljøprofetar, vernebyråkratar og forskingsmiljø ser fanden på flat mark, og krev å bli trudde på det. Men om ein påpeikar brot i argumentasjonen, vert dette avfeia som ubetydelege unntak som byggjer opp under regelen dei alltid har påpeika. Dei byggjer sitt regime ved å legge stadig nye versjonar av den same teorien til argumentasjonen. Papegøyeaktig gjentaking, kalla Gjøvik det. Vitskapsfilosofen Karl Raimund Popper kalla det i si tid for hundreogeinfaldig erfaring. Ein vel seg ei forklaring, og brukar denne på alt ein erfarar.

Oppdrettsaktivitet har blitt ei slik forklaring for endringane i villaks bestandane. Ein tilpassar den slik at denne alltid har skulda. Før oppdrettsnæringa hadde ein andre syndebukkar, som sjøfisket. Dei einaste som har skore rimeleg klar for klagemål, er dei som beviseleg drep den beste fisken som har klart seg heile vegen opp i elva for å gyte. Dei vert heller teke til sanningsvitne, og er villaksen sine vener. På si side motset dei seg tiltak som kan vere med å byggje opp stammane utan dramatiske konsekvensar for havbruksnæringa.

At fagmiljø bommar på analyser og samanhengar, burde ikkje overraske nokon. Det spesielle med lakseforvaltninga sine kompetanseorgan, er at dei er såpass lite audmjuke. Dei sparkar gjerne frå seg, men har ikkje nokon trong for verken å gå i djupna eller forklare kvifor dei har bomma på anslaga sine. Denne arrogansen står dårleg i forhold til konsekvensane av deira harmdirrande peikefinger.

At samrøret mellom forsking, forvaltning og populistiske demagogar er sopass tett, er og temmeleg påfallande. Straks nokon kastar ut eit nytt klagemål mot oppdrettsnæringa, strøymer det på med gratulasjonar på kryss og tvers av desse miljøa. Men at ein forskar og ein sjølvlærd aktivist meinar det same, burde vel knapt vere eigna til å brukast som prov for noko som helst? Snarare bære det preg av at dette har blitt ein konsensus som høver so altfor bra til å sjølvransake den.

Idealet om ei kunnskapsbasert forvaltning verkar lenger vekke enn nokon sinne i Gullestad-utvalet sitt verk. Handsaminga politisk vil syne kor høgt våre folkevalde set verdiskaping i distrikta, og kor kritiske dei evnar å vere til det som utgjev seg for å vere ufeilbarlege forskarar. Den verkelege føre var haldninga vil vere å be om ei skikkeleg konsekvensutgreiing for kva dei føreslåtte tiltaka vil ha å seie for hundretusenvis av nordmenn og deira heimstader.

Tekst: Øyvind Kråkås