Søk i arkivet

Salmon Blog: Når dei rette har bestemt seg

Oppdrettsnæringa er berre den siste i rekka av fiendar som villaksen sitt utvalde jaktlag har valt seg. Men når ein først heng på kroken, er dei like lite lystne på å sleppe deg, som når dei har ein fullvaksen gytefisk på troa.

I mange år var det sjølaksefiskarane, med ein kampanje mot reiskap for reiskap, som vart skulda for å vere ein trussel for villaksen. Etter dei kom oppdrettsnæringa. At ein under vegs bygde ut elvane for kraftproduksjon, var ikkje like interessant, då storsamfunnet var dei ansvarlege, og elveeigarane sjølve fekk sitje ved dessertbordet. Likevel skal det seiast at det er ikkje først og fremt elveeigarane, som er part i saka, som har konstruert og vedlikehelde ideen om kysten som villaksen sine banemenn.

Det er dei urbane laksefiskarinteressene som held liv i denne striden. Det er dei som berre treng naturen til å slappe av i. Det er dei som frå sine kontor kan alt om kva som skjer i elv og sjø. Og deira tankar leve langt inne i forvaltninga og politikken. Saka om sunnmørselvane er eit døme på kor gale det kan bli, berre desse har bestemt seg for kva som er sanninga.

I ein av dei viktigaste fiskebyane i Noreg, Ålesund, har Sunnmørsposten sitt sete. Men journalisten som dekkar havbruksnæringa, hadde tankane sine heilt andre stader enn den fisken som skaper verdiar for byen. Han hadde funne ut at det sensasjonelt store innsiget med laks i dei to elvane Ørstaelva og Fyrdselva var ei fylgje av miljøkriminalitet. So sikker var han, at han kunne ikkje lite på dei metodane ein vanlegvis reknar som sikre for å skilje oppdretta fisk frå vill fisk.

Først slo han opp saka om eit par aldrande laksefiskarar som hadde fått laks som dei var sikre på at måtte kome frå oppdrett. Og som ventande var; dei var traumatiserte av dette. Fylkesmannen sin representant slutta seg til, og kopla saka med ei smoltrøming to år attende i tid. For å byggje opp under denne versjonen, tok dei nokre bilete av innvollane til ein fisk dei visste var rømt oppdrettsfisk. Denne sende dei til ein vyrd professor i Bergen, og fortalde at slik såg han ut, mykje av den fisken som var teken i dei to elvane.

Professoren sa at dette var innvollane til oppdrettsfisk, for her såg han samanvoksingar som fylgje av vaksinering. Dermed var det klart; innsiget skuldast rømt oppdrettsfisk, og var ei katastrofe for elva. Hos fylkesmannen snakka ein om full utfisking, og Sunnmørsposten var slett ikkje tung å be med på gildet. Ei økologisk katastrofe var under oppsegling!

Så synte altså DNA i skjelprøvane frå 35 fiskar at berre den eine, fotomodellen, var oppdrettsfisk. Resten av fisken var like vill som fylkesmannen sin mann sitt raseri. Med dette var litt av ei knipe under oppsegling. Journalisten, mannen hos fylkesmannen og professoren var fanga i ei lite triveleg historie om uærlege hensikter og ureint spel. Utan kritikk til seg sjølve og sine val av metodar, hadde dei storma fram, skråsikre som ein storlaks på veg opp elva. Og like brått tok gleda slutt, som når kroken skjer seg inn i lakseleppene og den stolte fiskaren halar han inn og klubbar han i skallen.

Det vart mumla nokre bortforklaringar. Skjelprøvar var visst ikkje så sikre likevel, når vekta tippa denne vegen. Professoren hadde jo rett likevel, i at det var ein oppdretta fisk som var på biletet. Men det var jo ikkje biletet, teke og tilsendt av Sunnmørsposten sin sanningssøkande journalist, som var saka. Den var jo berre beviset. Beviset på at elva sto full av rømt laks. Beviset på at ein oppdrettar hadde forbrote seg, og øydelagt to elvar sine evner til å fostre naturfødd laks. Skandalen dei skulle syne for all verda, var jo ikkje biletet av innvollane til ein enkelt laks. Dette var jo historia om ei menneskeskapt katastrofe i naturen.

I staden blei det historia om ei ubehageleg gladsak. Og like snurt som Gerhard Helskog i si tid sto att med sine påstandar om doping i det norske skimiljøet, står Sunnmørsposten sin mann att med ei sak som luktar skjult agenda og oppspinn. Fylkesmannen sin mann skal vere ein av dei som tek seg av ettersynet av både oppdrett og elv. Kva tillit kan ein ha til slike karar, når dei syner seg meir enn villege til å bidra til eit komplott og ei juksehistorie?

Det som no bør skje, er at avisa og Fylkesmannen, samt Universitetet i Bergen, kjem fram og klargjere sine roller i denne svært klanderverdige situasjonen. Det eg trur vil skje, er at avisa skjuler seg bak si uavhengige rolle, Fylkesmannen set opp sin bratte nakke, og UiB bortforklarar sin innsats. Og neste gong ei elv står full av gyteklar laks, står dei igjen klare med sverdet, og håpar dei har rett i at denne gongen er det verkeleg ei økologisk katastrofe. Når ein først har bestemt seg, er det best slik.

Tekst: Øyvind Kråkås