Søk i arkivet

Salmon Blog: Bør vi foredle meir laks i Noreg?

Fiskeriministeren har hatt det som ei fanesak, og på Aqua Nor har det vore eitt mykje debattert tema; foredlar vi for lite av laksen sjølve? Spørsmålet er interessant, og rommar mange saksforhold.

Det er viktig å ha med i tankane at dei desidert største voluma av matvarer over landegrenser, er råvarer. Korn, kjøt, fisk og grønsaker og frukt vert stort sett utskipa i ei tilnærma uforedla form. Kvart land har sine spesialitetar, og det kan vere vanskeleg å skape marknad for eigne spesialitetar hos andre nasjonar. Tradisjonelt har og dei fleste marknader vore proteksjonistiske nok til kun å importere det ein ikkje kan framstille sjølve.

I Noreg har vi og det forholdet at lønskostnadane er høge samanlikna med dei fleste andre land. Den fiskeindustrien vi har, må ofte knyte til seg utanlandsk arbeidskraft for å halde hjula i gang. Ein kan kanskje seie at det då er meir rasjonelt med eit stort foredlingsapparat i Polen, enn å hente polakkar hit for å foredle fisken.

Foredlingsverksemd er og ei heilt anna næring enn det å produsere ei råvare. Det krev produktutvikling og stadige tilpassingar for å vinne fram i kresne og endrande marknader. Det vil vere meir naturleg å drive denne typen arbeid i dei landa som har store heimemarknader. I Noreg har vi eigentleg nokre få paraderettar av bearbeida laks; røykt og grava. I eit land som Frankrike, ser ein hyllemeter på hyllemeter med foredla lakseprodukt. Å betene ein slik marknad frå utsida, vil vere krevjande. Lagt saman med eit høgt kostnadsnivå, er Noreg temmeleg diskvalifiserte i den samanhengen.

Så er det slik at under definisjonen foredling, finn vi og enkle grep som filetering. Her har Noreg sine moglegheiter knytt til effektiv automatisering av arbeidet. Det må maskiner til for å konkurrere med billegare arbeidskraft. Eit av argumenta for å fremje denne industrien, sett inn i eit globalt perspektiv, er å oppnå ei best mogleg råstoffutnytting. Vi har etter kvart fått stadig fleire nisjeverksemder som nyttar slog og avskjær frå fisken. Laksemjøl og lakseolje er verdifulle produkt som ikkje lar noko av den flotte fisken gå til spille.

Konklusjonen min er at om nordmenn kan kome opp med idear som er nyskapande og utviklande for bruken av laksen, bør desse realiserast og utviklast. Vi bør og utvikle nye og gode produkt for heimemarknaden og andre som er interesserte i det norske matbordet. Like fullt må vi nok også i framtida vere nøgde med å sende mykje fisk heil ut av landet, for å betene den store, tradisjonsrike og spisskompetente foredlingsindustrien rundt om i verda. Det norske fortrinnet er først og fremst at vi har natur og kunnskap til å produsere den fantastiske råvara som den atlantiske laksen er. På nasjonalpolitisk nivå må ein ikkje underslå dette fortrinnet med at vi heller skal slå oss opp i foredlingsleddet.

Tekst: Øyvind Kråkås