Søk i arkivet

Salmon Blog: Argument mot og imot oppdrett

Mange av dei krava som vert stilte til oppdrettsnæringa og denne si utvikling, er negativt drivande. Under dekke av å vere i beste meining, tek dei lønsemda og utviklingspotensialet ut av næringa.

Det var ein gong ein miljøvernar som sa til meg; ”i dag går eg inn for offshore vindmøller som ei akseptabel løysing. Om nokre år, når teknologien kjem, er det tidsnok å jobbe mot dei”. Denne innstillinga var temmeleg strategisk for ein som berre ynskte å verne landskap. For dei som ynskte nye energiproduksjon, var ho totalt destruktiv.

Oppdrettsnæringa er ei heilt anna sak enn vindkraft. Inngrepa er reversible og små, produksjonen er for lengst ein suksess, heilt utan stønad frå staten. Produktet er konkurransedyktig, utan stønad frå staten. Likevel er tankegangen frå den ”grøne” sida lett gjenkjenneleg. Ein opptrer med ei gulrot på fiskestang framfor andletet. Men ein kjem aldri dit at ein når fatt i ho. På vegen slite ein seg ut, og gjere skade på det ein har; inntening og sunn utvikling.

Villaksen si velferd er i dag det einaste sterke miljøargumentet mot oppdrettsnæringa. Lus og røming er dei to miljøpåverknadane som har vorte identifiserte av Havforskingsinstituttet som signifikant negative. Begge desse handlar utelukkande om villaksen si evne til å leve opp og reprodusere. Forskarane som byggjer prinsippa for forvaltning, har vore dei største profetar noko norsk forskingsmiljø har sett. Ikkje berre har dei alltid rett, men dei har etter eige utsegn sannsynlegvis meir rett enn det andre kan begripe og dei sjølve kan bevise.

Fisket i elvane er målet på kor bra villaksen har det. Og her er ikkje laksen meir truga enn at ein trappar opp avlivinga til liks med betra tilbakevandring. For det er i elva fisken er fødd, og venteleg her han ynskjer å døy. Slik har elvefiskarane skulda folk ved havet i generasjonar for å ta frå laksen denne sjansen til å døy ved elvebreidda, anten dei dreiv drivgarnsfiske, kilenotfiske eller anna sjøfiske etter laks. Målet på at laksen ikkje er truga, er at ein kan drepe rikeleg av han i elva, seier Norges Jeger- og Fiskerforbund. Dette prinsippet er uhøyrt, og det skjønar alle, dersom ein overfører det til andre bestandar som er rekna for truga. Ingen insisterar på å kunne drive hobbyjakt på havørn eller panda.

No er laksen attende for fullt i mange elvar, i fylgje Havforskinga er det fordi han igjen finn noko å ete ute i havet. Men for elvekarane er ikkje dette eit teikn på at oppdrettsnæringa på nokon måte skal få arbeidsro. ”Eg trur det ikkje før eg har lese det på engelsk”, er omkvedet der. Dei ropar heller på lukka anlegg. Det er kva som må til. På det viset er dei komne langt lenger enn alle dei fagmiljøa som jobbar med løysingar på dette området. Så er det heller ikkje deira kapital som skal risikerast undervegs. Dei meinar tilsynelatande at dette er noko den enkelte verksemda lett vil kunne ta over drifta.

Men kva så om dei lukka anlegga kjem? Er der då ingen arealkonflikt lenger? Kan ein legge desse inne i laksefjordane? Kan ein legge dei nærme land, så dei ligg trygge for vær og vind? Blir det slutt på miljøfond for elveinteresser? Ja, det skulle ein no tru, sidan det var lukka anlegg som skulle løyse utfordringane i næringa. Det var jo berre det dei forlanga? Eg tvilar. Når teknologien kjem, er det tidsnok å byrje å jobbe imot. Så lenge oppdrettsnæringa skal vere åte for vernarar, urbane hobbyfiskarar og ei fullstendig problemfokusert forvaltning, utan sut for næring og utvikling, vil der alltid vere ein vegg å stange mot. Ein vegg av argument, mot og imot.

Tekst: Øyvind Kråkås