Oppdrettsnæringa sin valkamp
Valkampen framfor kommune- og fylkestingsvalet er i gang, og for oppdrettsnæringa blir det ein viktig valkamp. Denne gongen handlar det ikkje mest om utvidingar av produksjon, men om å få oppretthalde den produksjonen ein alt har.
Høyringsfristen for arealutvalet sin rapport, og kalla Gullestad-rapporten, vart nesten heilt samanfallande med oppstarten av valkampen. Salmon Group vil nytte valkampen til å møte sentrale politikarar og leggje fram vår sak. Mellom dei viktigaste ynskja vi har å presentere for politikarane er:
-Vi ynskjer ikkje innføring av produksjonsområde
-Vi ynskjer ei meir målretta, effektiv og samarbeidsretta forvaltning
-Vi ynskjer lettare tilgang på gode areal for produksjon av matfisk
-Vi ynskjer ei kunnskapsbasert forvaltning av villaksen!
Dette er berre nokre, men blant dei viktigaste, av dei elementa som inngår i vår valkampstrategi. Ta gjerne kontakt for å snakke politikk!
Tekst: Øyvind Kråkås