Søk i arkivet

NSL avviser produksjonsområder

“For NSL er det uaktuelt å støtte tiltak som innebærer svært negative konsekvenser for små oppdrettere i Norge, spesielt når tiltakene er basert på antakelser. NSL støtter derfor ikke hovedforslaget fra Gullestadutvalget om innføring av store produksjonssoner med tilhørende utsettssoner”, seier organisasjonen i sitt høyringssvar.

NSL er dermed heilt på linje med Salmon Group, som i vårt tilsvar har poengtert akkurat dei same forholda. Tidlegare har og FHL avvist desse forslaga i utarbeidinga av si høyringsuttale. Næringa set no sin lit til at politikarane vil gå djupare inn i desse problemstillingane enn det er gjort i det arbeidet utvalet har lagt fram. Ikkje overraskande stør fagetatane Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Klima- og forurensingsdirektoratet og Direktorat for naturfovaltning opp om dei råda utvalet har gjeve. Desse har som kjent hatt representantar i Gullestad sitt utval, og det ville vere svært spesielt om dei ikkje slutta seg til dei oppfattingane deira eigne tilsette har gjort seg.

Tekst: Øyvind Kråkås