Søk i arkivet

Lingalaks går inn i Salmon Group

I ei tid då lokal drift og eigarskap av er under press, er Salmon Group stolte over å kunne seie at nettverket no er styrka med ytterlegare ein aksjonær. Det er verksemda Lingalaks , med dotterselskapet Skjærgårsfisk, som sluttar seg til.

Gullestad sine dramatiske forslag til nye sonereguleringar, har aktualisert nettverket si rolle. I mars melde dei fleste av selskapa frå tidlegare Havdyrkerne overgang til Salmon Group, og i tillegg har Kvarøy Fiskeoppdrett kome inn i det som i dag står fram som ein tung aktør i den norske oppdrettsnæringa. FHL si klare attendemelding på Gullestad-rapporten, er eit godt døme på at dei lokaleigde selskapa evnar å bli høyrde.

Med Lingalaks med på laget, styrkar Salmon Group ein frå før av betydeleg posisjon i Hardanger, der ein allereie har fått kjenne sonereguleringar på kroppen. Den konsolideringa Salmon Group har opplevd det siste halve året, bør og vere ein oppvekkar for alle som seier at ein berre kan ha store, sentralstyrte aktørar for å oppnå eit godt nok samarbeid i næringa.

Tekst: Øyvind Kråkås