Søk i arkivet

Ikkje kjend med rapporten sitt innhald?

Onsdag denne veka gjekk høyringsfristen ut for rapporten Gullestad-utvalet har levert til styresmaktene. Utvalet hadde til mandat å legge ein plan for havbruksnæringa sin vidare vekst og velstand, utan at denne skulle gå ut over bærekrafta til næringa. Rapporten har vorte møtt med storm og stillingskrig. Her kjem ei kort innføring.

Peter Gullestad sitt utval består av byråkratar og forskarar. Ingen frå næringa har fått innpass i gruppa. Rapporten er omfattande i talet på sider, men snever i tilfanget av teori. Viktige vegkryss vert passerte utan større diskurs. Dokumentet kulminerar i ei rekke forslag. Dei deler seg i to kategoriar; det alle må kunne seie seg einig i (vi treng meir kunnskap etc.), og det som vil verte ualminneleg alvorleg for næringa sin struktur. Unekteleg ligg der noko ironisk i dette; ein veit for lite, men ein veit nok til å velje å snu opp ned på alt.

Rapporten har langt på veg delt næringa i to; dei store mot dei mindre. Dei børsnoterte mot dei lokaleigde. Det er innføringa av ”produksjonsområde med tilhøyrande utsettsoner” som skaper splid og frustrasjon. Desse tiltaka medfører at alle oppdrettarar må drive over eit stort geografisk område, og favoriserar difor dei som alt gjere det. Kort sagt vil det stå mellom å etablere seg i fleire kommunar, eller å få lengre periodar med total driftsstans. Samstundes er mange redde for den lokale tilgangen på beslutningsmakt kring tildelinga av areal. Populært sagt fryktar ein å få sitt område invadert av dei som vert forviste frå eit anna område. Uansett vil driftsvilkåra både kostnadsmessig og personellmessig endre seg stort for dei lokaleigde oppdrettarane, dersom det endelege utfallet vert noko i nærleiken av det forslaget bære med seg.

I bransjeorganisasjonane har dei lokaleigde selskapa sitt syn langt på veg vunne fram, og dette har medført at dei store har arbeidd fram eigne høyringsutspel. Dei sentrale fagetatane har hatt representantar i utvalet til Gullestad, og dermed er dei ikkje overraskande positive til forslaga slik dei føreligge. For politikarane kan det sjå ut til at alvoret enno ikkje har gått opp, berre nokre få lokalpolitikarar har engasjert seg synleg i debatten so langt. Vi forventar ein heilt annan temperatur når den politiske handsaminga no når klimaks.

I argumenta rapporten rører rundt i, finn vi overraskande mange av dei populistiske standpunkta kring havbruksnæringa. Utvalet sitt arbeid sementerer etablerte sanningar, men ignorerar grunnleggande teori og moglege konsekvensar av tiltaka det kjem opp med. Mange meiner at utvalet beint fram er i brot med sitt eige mandat. No er det opp til dei sentrale styresmakter å avgjere kva som skal bli realitetane av det som er føreslege.

Tekst: Øyvind Kråkås