Søk i arkivet

Høyringssvar til Gullestad

Salmon Group har levert eit eige høyringssvar til rapporten om arealbruk i havbruksnæringa. Svaret tek kraftig til motmæle mot etableringa av produksjonsområde, og meiner dei bedrifts- og samfunnsøkonomiske omsyna ikkje er vurderte i det heile teke i det arbeidet utvalet har levert. Les heile høyringssvaret her:

Høyringsuttale til rapporten ”Effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringen- areal til begjær”

Innleiing

Norsk havbruksnæring produserte i 2010 nesten 1 million tonn laks. Mestedelen blei eksportert, og er med og bidrar til eit sunt kosthald for menneske over heile kloden. Laksen gjere svært effektivt nytte av fôret, og produksjonen er blant vinnarane av all matproduksjon når det gjeld å vere låg på karbonutslepp.

Oppdrettsnæringa kom i si tid som ei bergande hand for mange lokalsamfunn. Ho skulle skape ny aktivitet på kysten og i fjordane. Ho skulle vere ei heimflagging av risikable og reiseintensive arbeidsplassar i fiskeria. Eigarskapet skulle vere lokalt, og tilhøyre dei som sat med kompetansen. Dei første lovene norsk oppdrettsnæring vart underlagt, kravde at den som fekk konsesjon sjølv skulle jobbe på anlegget, og inneha kompetanse om akvakultur.

Seinare har eigarstrukturane i oppdrettsnæringa vorte endra gjennom fleire epokar. Krevjande marknadssituasjonar, politiske tilpassingar til EU, og trongen for produksjonsvekst og styrking av den enkelte produsenten, har vore med og endra næringa sin struktur. I dag består norsk lakseoppdrettsnæring av fem børsnoterte verksemder, og ein del mellomstore og små selskap under lokalt eller regionalt eigarskap. Med den eksisterande strukturen, har ein framleis eit innslag av lokal identitet, utvikling og ansvarskjensle i næringa. Dette sikrar og at ein framleis har ein spreidd slakteristruktur, og eit mangfald av eksportselskap. På stadane desse er plasserte, er desse verksemdene viktige fordi dei tilbyr ei rekke jobbar på ulike nivå og med ulike krav til utdanning og bakgrunn.

Salmon Group AS er eit nettverksselskap der dei fleste små og mellomstore, lokaleigde lakseoppdrettsselskapa er organiserte. 48 verksemder er med, med til saman 88 konsesjonar for matfisk, og ein smoltproduksjon på om lag 26 millionar smolt. Nettverket forhandlar fram felles avtalar som gjev eigarane stordriftsfordelar, samstundes som dei beheld sjølvstyret. Dei viktigaste avtalene er på fôr og forsikring. I tillegg driftar ein eit felles IK-system, arrangerer fagmøter, jobbar med FoU-prosjekt og driv opplysning og diskusjon direkte med folket eller via media. Salmon Group AS har fem fulltids tilsette, på kontor i Bergen og Florø. I dette dokumentet står Salmon Group samla i si oppfatting av utvalet sine forslag. I tillegg har vi og fleire verksemder utanfor gruppa med oss i vårt syn.

Kommentar til utvalet sitt mandat

Tilrådinga som utvalet har lagt fram for norske styresmakter, er truleg det mest dramatiske forslaget til deregulering av ei viktig norsk næring i moderne tid. Mandatet til utvalet går ut på å skape grunnlag for ein vekst i produksjonen, men for dei lokale selskapa vil dei dramatiske tiltaka ein føreslår tvert om verke lammande. Utvalet skal og utrede om det føreligge eller vil bli ei reell knappheit om areal til havbruk.

Tradisjonelt har konfliktane vore mellom havbruk og andre kystnæringar. I mange område er dette på retur, som fylgje av nedbygging av kystfisket. Derimot har ein merka ein auka konkurranse om areal frå interesser som vil prioritere naturopplevingar og rekreasjon i og ved strandsonen. Handsaminga av dette konfliktpotensialet bør gjerast ut frå både nasjonale og lokale omsyn.

 

Mange lokalsamfunn er skeptiske til å tilby areal til oppdrettsverksemd, fordi det har etablert deg eit bilete av at denne næringa gir lite attende til kommunane. Berekningar som økonomen Johan Magerøy har gjort på oppdrag frå Salmon Group, syner at dette er ei haldning utan relevans. På bakgrunn av samfunnsrekneskap som dei enkelte aksjonærverksemdene i nettverket har fått sett opp hos NHO, kan ein sjå at verdiskapinga næringa tilbyr, er enorm. Og ho treng å få vekse og utvikle seg, for å spele denne rolla også i framtida.

 

Mandatet til utvalet seier mellom anna:

 

”Utvalget skal utrede økonomiske, administrative, distriktsmessige og andre vesentlige

konsekvenser av de forslag som fremmes i samsvar med Utredningsinstruksen

av 18. februar 2000.”

 

Dette meiner Salmon Group at utvalet ikkje har utreda godt nok.

 

Ei punktvis gjennomgang av dei viktigaste forslaga, med tydeleggjering av konsekvensar

 

10.4 Produksjonsområder med egne utsettsoner- koordinert utsett og brakklegging

 

Ugunstig fiskehelseeffekt: Mange av dei lokaleigde selskapa driv i dag innforbi det som vil bli ei eller to utsettsoner. For å ha kontinuerleg drift, må ein ha tilgang på lokalitetar i alle sonene i produksjonsområdet. For at dette skal bli mogleg, må der frigjerast langt meir areal til oppdrettsføremål enn det som i dag er i bruk. Ein ser altså at der vil gå med meir areal berre for å halde oppe dagens produksjon. Heile området innforbi den enkelte utsettsonen vil i periodar stå unytta, men oppbunde. Til gjengjeld vil ein oppleve større konsentrasjonar enn i dag i dei områda som til ei kvar tid er i drift.

 

Auka driftskostnader: For selskapa som skal drive med så spreidde lokalitetar, vil ein oppleve ein heilt ny situasjon i høve til både utstyrskrav og bemanning. Frå å drive med ein lokal arbeidsstokk, må ein ha folk i arbeid i ein heil region. Dette vil mest truleg medføre ein god del pendling, fordi det vil veksle kva område som er i produksjon. Beredskapen ved anlegga vil og kunne verte svekka av ei slik løysing. Utvalet tilrår samarbeid med oppdrettarar som i dag har tilgang på lokalitetar i det som blir vikarierande utsettsoner. Samdriftsløysingar eksisterar det ein del av i dag og, men der er det snakk om at ein har slege seg i lag på grunnlag av naturgjevne synergiar, som nærleik mellom lokalitetar. Ein framtvunge samarbeid med oppdrettarar lengre vekke, framstår ikkje som nokon korkje opplagt eller gunstig situasjon å jobbe ut frå. Lokalkunnskap, samfunnskjensle og lokal arbeidskraft har vore ein premiss for suksessen til mange lokale oppdrettarar.

Utfordringar for rekruttering og kompetansetilgang: Med eit auka behov for pendling, eventuelt med lange periodar utan drift, vert det ikkje berre dyrare å drive oppdrettsverksemd, men det blir og mindre attraktivt å jobbe der. Det kan bli vanskeleg for mange å få fatt i kompetanse, spesielt lengst ute i distrikta, der kommunikasjonane er dårlege og avstandane store. Oppdrettsnæringa tilbyr i dag attraktive arbeidsplassar i distrikta, men vil sjølvsagt vere i konkurranse med oljeindustri, skipsfart og jobbar i meir urbane strok. Denne situasjonen vil utvikle seg i næringa sin disfavør, dersom dette forslaget vert gjennomført.

 

Endringar i driftsgrunnlaget for landbasert smoltproduksjon: Settefiskproduksjonen er grunnlaget for all vellukka oppdrett. Godt avlsmateriale og rett fôr og vaksinering er viktig. Samstundes har lokal vasskvalitet og røktarane sin kunnskap mykje å seie for at ein god smolt kan overlatast til anlegg i sjøen. Mange matfiskoppdrettarar har integrerte settefiskselskap, eller dei har faste leverandørar som dei brukar. Det er viktig å kunne føresjå kvalitet og mengdetilgang på smolt. Settefisken transporterast til sjøanlegga, og der kan stundom vere lange avstandar mellom dei to produksjonsstadane.

 

Dersom eit regime med produksjonsområde med stadeigen fisk vert gjennomført, vil det kaste om på heile den norske settefisknæringa. Mange vil hamne i andre område enn der dei har sine faste samarbeidspartnarar, og dei fleste område vil dermed ha anten overskot eller underskot av smolt. Dette vil fordre så vel nedlegging som nybygging av settefiskanlegg. Vasstilgang, landareal, og lokale ressurspersonar vil lett bli mangelvarer i ei slik omstokking. Mange lokale næringsdrivande vil tape alt dei har bygd opp gjennom settefiskanlegga, og smoltkvaliteten vil i stor grad bli usikker.

 

Salmon Group meiner at forslaget om oppretting av produksjonsområde er lite hensiktsmessig for å oppnå dei måla ein set seg for næringa si framtidige bærekraft. Derimot vil ein auke kostnadsnivået for oppdrettarane dramatisk, både med omstyn til nyetablering av anlegg og drifta av desse. Med dette vil ein sannsynlegvis presse fram ei dramatisk omstrukturering i næringa, som fort kan ende med eit fåtal aktørar med stor marknadsmakt og ein global eigarstruktur. Med å oppkonsentrere produksjon vil ein påføre eit auka smittepress i dei områda som til ei kvar tid er i drift. For smoltproduksjon og slakteristruktur vil situasjonen bli ei akutt underminering av dagens strukturar og lokalisering. Forslag 10.5 kjem som ein direkte konsekvens av 10.4, og må sjåast i høve til behandlinga av dette.

 

10.12. Handlingsregel for regional justering av MTB og adgang til miljøbegrunnet flytting

 

Dette er å oppfatte som eit punkt om ei kollektiv avstraffing for uheldige hendingar i eit område, slik som rømming og sjukdomsutbrot. Sidan alle slike hendingar rammar svært hardt for den som råkar ut for dei allereie, er det ingen grunn til å tru at dette vil ha nokon ytterlegare preventiv effekt. Derimot opnar det eit heilt nytt trusselbilete for den enkelte aktøren, med faren det medfører for å bli syndebukk i heile sin region. Det kan ikkje vere meining i at der skal vere slike forhold forbunde med det å vere næringsdrivande i Noreg. Allereie i dag har ein både store tap og bøter om uhellet er ute. At ein i tillegg skal få sine kollegaer over seg i fallet, er noko som beint fram kan trumfe flinke folk ut av næringa.

 

Salmon Group meinar at dette punktet må falle, som fylgje av at det vil ramme den som alt er hardt ramma, og likeins den som ikkje kunne påverke forløpet. Dette bryt med den alminnelege rettsoppfattinga.

 

10.15 Ingen nye tillatelser eller økning av MTB før produksjonsområder er etablert

 

Regjeringa har for lengst frose veksten til næringa for størstedelen av landet, med tilvising til miljøutfordringar. Dette kan vi av ulike årsaker ikkje kan stille oss bak utan vidare:

 

– Teknologiutvikling krev risikokapital. Risikoen til denne kapitalen bør ikkje overgå den som er knytta til sjølve teknologien. Om ein må ta av eksisterande løyve for å prøve ut den nye teknologien, vil risikoen bli for stor, fordi heile driftsgrunnlaget står på spel. Ein prøver å demme opp for dette i punkt 10.16, men vårt syn er at dette er ei for snever tilnærming til teknologiutvikling i bransjen. Lukka anlegg er ei av fleire moglege løysingar på utfordringane i næringa. Andre typar utviklingsprosjekt, som til dømes Salmon Group sitt ”Integrert akvakultur”, vil potensielt bli skadelidande i ei slik favorisering.

 

– Næringa treng vekst for å behalde ein sterk marknadsposisjon. Marknader kan ofte vere vanskelege størrelsar å forstå seg på, men det vi veit, er at ein kan ikkje som seljar opptre særleg avgrensande overfor marknaden. Om ein vil vere del av arbeidsmarknaden, ein av dei marknader dei fleste av oss kjenner, er det til dømes dei færraste for unt å kunne avgjere å ikkje jobbe så mykje som stillingen etterspør. Slik er det og i laksemarknaden. Kundane rundt om i verda må få den laksen dei ynskjer seg, til rett tidspunkt. Vi må og utvikle nye marknader, for å ha fleire bein å stå på. Dersom vi ikkje klarar å levere nok fisk, og prisane vert drivne for høgt som fylgje av dette, vil det vere sjølvsutslettande. Kundane vil med tida finne andre leverandørar, eller andre produkt. At desse produkta har eit betre miljørekneskap enn den norske laksen, er svært tvilsamt. På den måten vert lokalt sneversyn til ei global flause. Dette er feller vi kjenner også frå andre område, som til dømes klimapolitikken.

 

Salmon Group meinar at ein generell stogg i tildelinga av ny produksjonskapasitet, ikkje er grunna på den reelle situasjonen i næringa i dag, og vil verke svært hemmande på utviklinga.

 

10.25 Forskningsbehov

 

Behovet for forsking vil alltid vere framtredande i ei næring som vil vekse og utvikle seg. Allereie i dag er oppdrettsnæringa involvert i mange omfattande prosjekt, og det ynskjer ein sjølvsagt å vere framover og. Kunnskap må ligge i botnen for dei strukturelle og regulerande vala som vert gjort. Ei forvaltning etter føre var prinsippet, må basere seg på at ein ikkje opnar opp for endringar som kan ha store, uønska konsekvensar. Det må ikkje resultere i at ein ikkje tillete næringa å kome vidare.

 

Salmon Group har så langt satsa på ei rekke prosjekt for utvikling. Ein har satsa på naturlege tilsettingar i fôret for ei betra fiskehelse, og dette forsøket har vore så positivt at det no er fullt ut kommersialisert. Ein har gåande ei satsing på integrert akvakultur, der ein dyrkar tare i nærleiken av anlegga, for å fange opp næringssalt og tilby eit nytt, verdifullt produkt. Dette prosjektet har god framgang. Ein er og med på prosjekteringssida for utvikling av lukka anlegg, og reinseordningar for opne anlegg.

 

Salmon Group meiner at forsking er nøkkelen til ei god utvikling for næringa. Det er viktig at forskinga skjer med eit opent sinn for ulike løysingar, og at ein ikkje blir for bunden til etablerte oppfattingar eller spesifikke løysingar. Ei god utvikling for næringa, er avgjerande for utviklingsarbeidet. Svekka konkurranseevne vil vere hemmande.

 

Treng ein dei lokale oppdrettsselskapa?

 

I eit industrielt tankesett, er der dei som meiner at den riktige vegen, er den som går mot færre og større konstellasjonar. Dei meinar at mindre aktørar er mindre profesjonelle, har dårlegare kontrollsystem og over tid ikkje kan forsvare drifta. Korleis høver dette med det vi har lært og erfart?

 

Kunnskapen er den aller viktigaste kapitalen. Ein kan låne pengar, men ein bør eige kunnskapen. Kunnskapen om norsk oppdrett oppsto rundt om i lokalsamfunna, langt vekke frå Aker Brygge og Oslo Børs. Oppdrett er arven etter fiskarbonden; arbeidet og pågangsmotet, kombinert med lokalkunnskapen og kunnskapen om det som lever i naturen. Dei lokaleigde oppdrettsverksemdene

byggjer på denne tradisjonen.

 

For at ein produksjon skal vere rasjonell, og ei vare skal vere rett prisa, må der vere konkurranse og nokon å måle seg mot. Mangfaldet i oppdrettsnæringa har skapt utvikling, kunnskapsdeling og den stadige påminninga om at ein må stå på for å vere best. Mangfaldet i produksjonsleddet har og sikra mangfald i omsetnadsleddet. Medan dei heilintegrerte selskapa omset alt sjølve, og slaktar all fisken ved nokre få, store slakteri, har dei mindre aktørane vore med og bygd opp og oppretthalde ein flora av mindre slakteri og eksportfirma. Nokre av desse er delvis eigde av oppdrettarar, som Norwell og Seaborn, medan andre er heilt sjølvstendige, som Sekkingstad på Sotra. Dette sikrar konkurransen i omsetnaden både av levande og slakta fisk, Noregs best fungerande spotmarknad. Ein situasjon der ein sit att med nokre få, heilintegrerte aktørar, vil medføre ein mindre fleksibel marknad, som i langt mindre grad vil vere pressa av marknadskreftene. Dette vil kunne gje desse ein langt betre kontroll med marknaden, slik ein ser i alle andre marknader med få, store aktørar. Det er derimot ikkje å forvente at dette vil auke den samla verdiskapinga, ofte er det dei store aktørane som pressar lakseprisen ned, med periodar med massiv utslakting for å tilpasse seg MTB reglane.

 

Påstandar om at dei store selskapa har betre kontroll på sjukdom, lus og rømming, er lite truverdige. Dei store rømmingstilfella på trøndelagskysten i år, skjedde frå anlegga til SalMar og Marine Harvest. Omstendene kring desse sakene, tyder ikkje på at desse selskapa har nokon betre internkontroll enn mindre aktørar. Snarare tvert om. Det er til dømes vanskeleg å tenkje seg at ein skulle kunne gløyme å setje not i anlegget før ein fylte i fisken, dersom det var same folka som skulle ta seg av begge oppgåvene. Her ser vi at ei industriell spesialisering av arbeidsoppgåver, kan ende med banale feil. Fisk er levande liv i levande økosystem. Å kjenne fisken og lokalitetane ein nyttar, er gull verdt for ein oppdrettar.

 

For lokalsamfunna er det ikkje først og fremst innteninga til verksemdene, men aktiviteten dei skaper som er viktige. Oppdrettsnæringa kom som ei vitamininnsprøyting for mange nedleggingstruga lokalsamfunn. Fiskeria og landbruket var under omstilling og nedbygging, verftsindustrien og anna tung industri likeins. Sjøfarten var under utflagging. Petroleumsøkonomien gjorde gamal lønsemd ulønsam. Prisnivået vart for høgt, arbeidet for dyrt. Midt oppi dette kom oppdrettsnæringa med ein stor, lønsam produksjon basert på fornybare ressursar. På settefiskanlegg, matfiskanlegg, brønnbåtar, slakteri, eksportselskap og fôrfabrikkar fekk folk arbeid. Leverandørindustri og verkstader fekk oppdrag med utstyr og anlegg. Ei einsretting av næringa vil bygge ned mangfaldet i alle ledd. Store selskap inngår store avtalar med få leverandørar.

 

I eit land fylt med oljepengar og offentlege støtteordningar, snakkar ein ikkje så mykje om trongen for privat kapital. Men utan midlar, får ein ingen vekst og utvikling. Oppdrettsnæringa har bygd opp gode kapitalbasar på lokale hender. Denne kapitalen går til å oppgradere og utvikle næringa, men og til å oppgradere og utvikle samfunna rundt oppdrettsverksemdene. Den dagen denne kapitalen ikkje lenger jobbar lokalt, vert desse samfunna fattigare.

 

Berekningar gjorte av NHO og Johan Magerøy, syner at det samla skattebidraget til matfiskselskapa i Salmon Group og deira underleverandørar er på om lag 1001 millionar kroner. Dette gir grunnlag for fylgjande godar for samfunnet:

 

-1.820 årsverk i offentleg sektor

– eller 7.050 barnehageplassar

– eller 10.537 grunnskuleplassar

– eller 1.192 sjukeheimsplassar

 

Det norske skattesystemet er basert på at all selskapsskatt går inn til staten for omfordeling. Kommunane får overføringar ut frå heilt andre premissar enn verdiskapinga som føregår i lokale selskap og på lokal grunn. Det fremste aktivumet for kommunane vil vere innbyggjartal. Ein svært stor del av overføringane kjem per capita. Sjølvsagt må det likevel vege tungt for kommuneøkonomien kor stor staten sin pott for omfordeling er. Den enorme verdiskapinga i havbruksnæringa er ein viktig del av staten, og i sin tur kommunane, sin inntektstilgang. Større inntekter til kommunane som fylgje av oppdrettsaktivitet, vil såleis vere ei skattepolitisk og -teknisk problemstilling, meir enn det beror på betalingsvilje hos aktørane i næringa. Erfaringar frå mellom anna utdelinga av nye konsesjonar, har ikkje tyda på spesielt stor vilje frå staten til å la denne typen gebyr på rett til vertskommunane.

 

Korleis kan vi byggje vidare på suksessen til oppdrettsnæringa?

Kva ynskjer ein av ei næring som skal etablere seg i distrikta? Ein vil at ho skal tilby noko som folk treng. At ho skal skape verdiar. Ein vil at ho skal gje folk gode, trygge arbeidsplassar. Ein ynskjer at ho ikkje skal kunne flyttast vekk om ho veks seg stor og lønsam. Ein ynskjer at kapitalen ho genererar, skal gje seg til syne gjennom investeringar i lokalsamfunnet. Alt dette har ein fått frå havbruksnæringa. Næringa har levert på alle kritiske punkt. Men sjølvsagt er der utfordringar som må løysast undervegs i utviklinga av ei næring. Korleis kan vi løyse desse med meir effektive midlar enn det utvalet føreslår?

 

– Fiskehelsenettverk:

Utvalet vil anbefale næringa å organisere permanente fellestiltak for å unngå store problem med sjukdom og lus. Slike tiltak har vi allereie i heile landet, i form av dei svært velfungerande fiskehelsenettverka. Desse samordnar oppgåver som:

-felles tidspunkt for avlusing,

-bruk av felles medikament under behandling/avlusing,

– organisere felles telefonmøte der alle orienterer kvarandre om lusetal, behandlingsresultat, status for leppefisk, erfaring bruk av ulike medikament under avlusing osv

– koordinering av innsending av luseteljingstala kvar veke som igjen kjem tilbake i statistikkform til medlemmane,

-igangsetting av diverse tiltak som PD-testing (innsending av prøve kvar 14 dag frå lokaliteter med fisk)

– oppfordrar og bestemmer følsomheitstesting mot medikament for heile tida ha kontroll på at stoffene vi bruker skal fungere og for å unngå resistens,

– organisere leppefiskkurs

Også samordningane PD-fri og Lusalaus har synt stor samarbeidsvilje og –evne i næringa.

– igangsetting av diverse tiltak som PD-testing (innsending av prøve kvar 14. dag frå lokalitetar med fisk)

– felles database for næringa med oversikt over sjukdomsutbrot, brakklegging og utsett

 

– Tiltak mot rømming:

Dei fleste rømmingar skjer ved operasjonar utførte ved anlegget, det vere seg båtanløp, notskifte, handtering av not ved avlusing etc. Ei utvikling med stadig fleire handteringar av nota, vil dermed vere med å auke rømmingsrisikoen. På same måten som at ein større intensitet med avlusing vil vere med og auke faren for resistensutvikling og tære på fisken sitt naturlege forsvar, slimlaget, vil og desse operasjonane kunne medføre ein auka rømmingsfare

Ingen oppdrettar tek lett på ei rømming. Dei økonomiske tapa er store ved ei rømming. Det er trass alt salsvara som går tapt, og forsikringane kan ikkje demme opp for dette på langt nær. Gjennom betra internkontroll og kompetanseheving, har næringa kjempa ein kamp mot rømmingsproblematikken. Ei ny Nytek-forskrift er og undervegs, og vil venteleg styrke forsvaret mot rømming på utstyrssida. Her vert og gjort eit betydeleg arbeid med å prøve ut ny teknologi, som nøter av andre materiale, lukka anlegg og anna. Kameraovervaking er blitt svært vanleg ved norske anlegg. På den menneskelege sida, må arbeidet mot rømming gå kontinuerleg. Risikobasert handsaming av arbeidsoperasjonar er eit fokusområde.

 

Utvalet sitt forslag om soneinndeling legg opp til suspensjonrett som fylgje av rømming, men det er ikkje synt at dette vil gjere rømming mindre sannsynleg. Truleg vil det snarare medføre meir fisk i færre merdar, med tilhøyrande fare for større rømmingar når uhellet først er ute. Ein vil og oppleve større tettleik av anlegg i dei til ei kvar tid aktive utsettsonane, med tilhøyrande auka risiko for negativ innverknad frå skipstrafikk. På den måten blir forslaget kun eit utspel for strengare straffer, og altså konkluderar ein med at oppdrettarane tek for lett på at fisk rømmer.

 

– Betre kunnskap om tilhøva i havet:

Salmon Group støttar framlegget om at der må tileignast meir kunnskap om korleis den ville laksen vert påverka av tilhøva i havet. Og strengt tatt burde vel denne kunnskapen ha kome i forkant av at ein vil leggje om på driftsgrunnlaget til ei heil næring. I dag held dominerande forskingsmiljø fram at dei vil legge skulda på oppdrettsnæringa, fordi dei meiner at denne har mest skuld av dei faktorane ein kjenner til. Kjetil Hindar ved NINA bekreftar at ein i dag ikkje har klart å dokumentere at ein einaste laksesmolt har døydd av lusepåslag. Genforskarar dreg i tvil om innblanding av oppdrettsfisk i elvane faktisk innebere noka genetisk forsøpling. Trass alt vert gena blanda heile tida, og gena til oppdrettslaksen vart henta på dei ville bestandane, ikkje meir enn ti generasjonar attende (Slinde, 2011).

 

Oppsummering

 

Salmon Group støttar utvalet sine forslag om å styrke kunnskapen bak forvaltninga av næringa. Ein kjenner i dag for lite til mange av dei samanhengane som er med og påverkar situasjonen i havet og i elvane.

 

Når det gjeld innføringa av produksjonsområde med utsettsoner, meiner vi at desse tiltaka er for tynt fagleg grunna, og vil ha for dramatiske næringsmessige konsekvensar. Lokaleigde oppdrettsselskap vil få pålagt store ekstra kostnader, og ha langt vanskelegare rammer for drifta. Truleg vil dette kunne medføre ein dramatisk nedgang i mangfaldet i næringa. For mange lokalsamfunn vil dette bety mykje. Dei bedrifts- og samfunnsøkonomiske sidene ved tiltaka er ikkje tilstrekkeleg avklarte i det forslaget som føreligge.

 

Oppdrettsnæringa har synt store evner til å inngå gode samarbeidsløysingar, tilpassa dei lokale tilhøva. Dette, saman med eit aktivt forskings og utviklingsarbeid, vil vere sentralt i næringa sin vidare vekst og utvikling.

 

For Salmon Group:

 

Nils Inge Hitland

Dagleg leiar

 

Øyvind Kråkås

Informasjonsmedarbeider