Søk i arkivet

Er ikkje fiskeridirektøren so overtydd om produksjonsområde?

Då fiskeridirektør Liv Holmefjord snakka om Gullestad-rapporten på AquaNor i dag, var ho ikkje so eintydig i si støtte til Gullestad-utvalet.

Fiskeridirektøren meinte ein måtte vere sikker på at ein valde den mest hensiktsmessige strukturen for næringa, og ikkje måtte innføre produksjonsområde utan å vere helt trygg på at dette vil vere effektivt mot dei problema ein tek utgangspunkt i. “Fiskeridirektoratet tilrår ei gradvis tilnærming sa ho”. På spørsmål frå SG ville ho ikkje gå for detaljert inn på kva dette vil innebære. men det tilseier at direktoratet ikkje ynskjer å innføre tiltaket “over natta”.

Tekst: Øyvind Kråkås