-Sats på meir fiskeoppdrett

I eit intervju med Dagens Næringsliv kjem tidlegare fiskeriminister og riksrevisor Bjarne Mørk Eidem med dette rådet til politikarane, for korleis ein skal få ei god utvikling i Nord-Noreg.

“Oppdrett er ei framtidsnæring”, seier Mørk Eidem. “For dei som sit tørre og reine i Oslo, er det lett å seie at ein skal leve av fiske, men ein må og våge å satse på ny næringsutvikling”. Mørk Eidem held fram oppdrett som eit viktig satsingsområde, saman med utgreiing av petroleumsverksemd i Lofoten, og utbygging av ein betre infrastruktur.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås