Salmon Blog:Når næringspolitikk blir det minst naturlege
Då fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane skulle vedta eit høyringssvar til Gullestad, var der berre ein kommune som hadde gjeve innspel. Nokre kommunar er uvillege til å stille areal disponibelt for sjømatproduksjon, fordi dei meinar å få for lite att. Har norske kommunepolitikarar den aller minste formeining om kva et vil seie å drive næring?
I eit år med kommune- og fylkestingsval, skulle ein tru at lokalpolitikarane var spenn klare for å engasjere seg i alt som kunne oppfattast som det minste viktig for veljarane. I staden har dei tilsynelatande overlate arenaen til vernelobbyistar, og andre som med hendene i lomma meinar å vite best for land og folk.
I ei tid då dei fleste distriktsnæringar har blødd til globalisering og utflagging, vel våre folkevalde å setje sin lit til at naturen ordnar opp. Med påstandar som at fiskeskit i sjøen er like ille som utslepp av menneskeskapt kloakk frå land, har populistiske straumar frå dei sjølvoppnemnde ”miljøinteressene” vunne fram. Når politikarane styrer etter desse utsegna, baserar dei seg på at ikkje berre er desse interessene langt meir ærlege og rettferdige enn næringsdrivande folk, men dei skal og sitje med ein betydeleg kunnskap om det dei snakkar om.
Kvar desse ideane har fått grobotn, er vanskeleg å seie, men det må nok ha kome med at folk sine erfaringar med naturen flytta innomhus. Kjøt og fisk kjem vakuumpakka til kjøla på supermarknaden. Disney får lære folk om dyra si verd. Vrangførestillingane om villaksen tek NJFF seg av, når dei ikkje står ved elvebreidda og slår den beste stamfisken i hel. Og kjem bløffen for kort, legg dei sjøauren oppå.
Naturen har vorte redusert til noko hjelpelaust og tamt, stikk i strid med det fangsfolk, fiskarar, oppdagarar og alle andre som ferdast ute har erfart. Og der sit norske politikarar, med facebook og fjernkontroll, og skal ordne opp. Medisinen er enkel; ikkje tillat noko som helst. Snakk om gamle dagar, dei kjem ikkje att for å krevje forklaringar. Påstå at fortida var økologisk, at notida er miljøfiendtleg, men at framtida er delt mellom småskala geitekjøtproduksjon og import frå folket sitt eige land; Kina.
I sitt planarbeid er norske kommunar mest uroa over kva som kan kome til å bli bygd. At bøane grør att, symjebassenga vert tømde, kommunikasjonane nedbygde og nærbutikkane stengde, ser dei ikkje ut til å ville ta stilling til. Ein kan diskutere kva som har ført oss fram til ei slik prioritering, men eg trur det må ha noko med å gjere at so mykje tull har vorte lansert med statsstønad, at tullet har makta å bli dei nye satsingsområda. Konkurranseevne og kommersiell drift er ikkje relevante ord i debatten, det viktigaste er at ein er ”grønvaska”. Om eplet vert so dyrt at ingen har råd å kjøpe det, er vegen i alle fall kortreist frå produsent til komposthaug.
Når dei store fjersynskanalane i desse dagar sender sine sommarprogram frå taket på ulike bygg i hovudstaden, femnar dei heile den verda som desse urbane miljøtenkarane tek innover seg. Ei verd der det spesielle vert marknadsført som løysinga på det generelle, og der den gode viljen er viktigare enn det som leverar, dag ut og dag inn. Frå taket på operaen er det lett å seie at oppdrettsnæringa må på land, at ein må slutte å sprøyte mot turråte på potetene, og at fjell og fjord skal ligge der for dei som treng ro for ettertanke.
Kva ettertanke det skal bli av denne mangelen på vilje til å jobbe og produsere, tør ikkje eg å tenkje på. I staden for å sitje påkopla til raudvinsdunken, burde kommunepolitikarane nytta sommaren til å reise rundt i verda og sjå korleis ein driv næring der. Pangasiusoppdrett i elvane i Vietnam. Heile sjøar fulle av ulike typar oppdrett i Kina. Kyllingproduksjon i USA. Skogdrift i Indonesia. Storfeproduksjon i Sør-Amerika. Gå gjennom bærekraftsidear og utsleppsløyve med desse produsentane. Spørje arbeidarane om dei tykkjer dei får realisert seg sjølve godt nok gjennom jobben, og om dei er nøgde med dei nasjonale ordningane for pappaperm. Etter dette kan dei kome heim og sjå seg om langsmed dei ”knappe areala” på norskekysten. Og so kan vi snakke butikk.
Tekst: Øyvind Kråkås