Salmon Blog: Attende til verdsmarknaden

Etter ei god stund med prisar som syntest heva over tidlegare tiders motkrefter i laksemarknaden, er ein igjen nede på eit nivå ikring produksjonskostnaden. Det raske fallet denne gongen, nærast eit krakk, er tungt å svelgje for alle dei som no har fisk dei må slakte ut. For foredlingsindustrien er det kjøpars marknad, men dei forhastar seg ikkje med å ta posisjonar i eit usikkert prisbilete. Dermed er bordet snudd i løpet av nokre få veker. Kan det kome noko godt ut av dette for oppdrettarane?

Laksemarknaden er truleg den mest fungerande spotmarknaden vi har for kapitalvare i Noreg i dag. Dynamikken i dei svingande lakseprisane er pulsen i næringa, og å treffe planken her er blant dei mest fornemme eigenskapane ein oppdrettar kan ha. Diskusjonen om dei bakanforliggande premissane for lakseprisane, og om laks er ei syklisk næring, er tilbakevendande og full av ulike meiningar. Kort sagt handlar ein marknadspris om tilbodet og etterspurnaden. Ei slagside vil gje ein marknad der dei eine parten står utsett til. Men der er stadig uføresette ting som kompliserar dette biletet, og gjere jobben vanskeleg for analytikarane.

Ein vert ikkje heilt einige om kva som er hovudårsaka til det massive prisfallet dei siste vekene. Der er ikkje handelshindringar som er signifikante nok til å utløyse kollaps. Heller ikkje voluma av slaktefisk er så store at dei forklarar dagens prisnivå. Kanskje ser vi no konsekvensen av eit langvarig, svært høgt nivå, der kundane har teke grep for å omstille seg over til billegare råstoff. Det vi i alle fall kan sjå effekten av, er at der oppstår ein negativ spiral i ein fallande marknad. Sveltefôra på inntening, vil kjøparane ha med seg kvar krone prisen dett, og ventar difor medan dei seg prisane søkke. Botn på eit slikt svalestup, vil vere når marknaden faktisk er overtydd om at dette er botnnivået for denne gongen.

For den enkelte oppdrettaren, er der lite å gjere med situasjonen. Fisk som må slaktast, må slaktast. Eksportørane på si side, kjempar sjølvsagt det dei er gode for, for å få kundane til å begynne å kjøpe fisk att. I mellomtida fyller ein fryselagera. Effekten på prisane ute hos forbrukarane, vil ein ikkje sjå på ei stund enno, så foreløpig er det råstoffkundane som lever best med det som står på. Etter ei tid vil venteleg prisnedgangen forløyse sterkare etterspurnad att, og ein byggjer seg på ny opp mot eit godt leveleg nivå. Sjølvsagt kan der vere skjær i farvatna fram mot ei slik jamvekt, mellom anna den auka tilførsla frå chilenske produsentar.

Kan vi lære noko av marknadsutviklinga denne gongen? Dei fleste som driv oppdrett i Noreg i dag, har nok for lengst lært at prisane går opp og ned. Det er vanskeleg å sjå anna enn at dei sjølvstendige oppdrettarane har budd seg godt på ein slik situasjon, gjennom å auke soliditeten i eigne selskap. Der er alltid dei som meiner at seljar har vore for grådig i ei tid med seljars marknad, men dette er i so fall å kaste kol på den generelle kunnskapen og teorien kring frie marknader. Prisane stig berre så lenge der finst kundar som er villege til å betale så mykje for vara, og denne gongen hang mange på svært høgt opp i stigen. Det syner at laks er ei svært attraktiv vare. Så er der noko som heiter fordeling av risiko, og der kan nok både kundar og produsentar lære noko av både oppturen og nedturen. For anten ein er kjøper eller seljar, vil der finnast ein pris ein kan leve svært godt med. Ein veit aldri om dette er den beste prisen ein vil sjå, men det er fullt mogleg å binde delar av voluma til denne prisen. På den måten sikrar ein seg delvis mot svingingane. Det kan samanliknast med å kjøpe forsikring. Det vi no ser, er at kundane ute i verda har blitt den glupske parten. Dei vil ha med kvar einaste cent i prisfall. Forståeleg nok.

Personleg har eg eit lite håp om noko godt som kan kome ut av det dramaet vi no ser i laksemarknaden. Det er at norske styresmakter og opinionen skal få augo opp for at lakseproduksjon ikkje berre er å skumme fløyten av havet sine gjestmilde føresetnader. Det syner seg nok ein gong, at ting skjer fort, og at næringa må ha handlefrido

m til å bu seg på slike situasjonar. Store volum kan generere stor gevinstar, men og store tap. Ved ei langvarig tørke i omsetnaden, kan det bli naudsynt å tære kraftig på reservane for alle og einkvar. Noreg er eit land i verda, om vi er aldri so suverene på oljerikdom. Norsk produksjon må vere konkurransedyktig, anten det er snakk om metall eller mat. I dei siste åra har forslaga om fordyrande tiltak i produksjonen av laks nærast kome dagstøtt. Mange av tiltaka som har kome, har vore fornuftige og gode tiltak, isolert sett, men ein må alltid ha lov til å ta med omsynet om konkurranseevna til sluttproduktet. Der kan alltid leggast på nye krav til ein produksjon, alt i beste meining, men der går ei grense for kva som kan svare seg. Ved prisar over 40 kroner, kan ein tillate seg mykje råflott og eksperimentelt, men no syner det seg altso at eit slikt prisnivå langt frå let seg forskotere.

Ei anna gruppe som slit med dårleg dekningsbidrag for tida, er skipsreiarane. Ein høyrer helst om dei når det går godt, og dei røykjer sigar og delar ut tusenlappar utanfor Theatecafèen, men dei er altso prisgjevne ein svær svingande verdsmarknad dei og. Lite å frakte, lite å tene. Det dei har prøvd å seie i mange år, er at dersom dei skal halde seg i Noreg med si verksemd, må det vere på grunnlag av vilkår som lar seg samanlikne med det dei får i andre nasjonar. Ein kan meine kva ein vil om det, men det vert til sist eit spørsmål om i kva grad den norske staten ser seg tent med å tilby slike vilkår eller ikkje. Skipsreiarane sin vilje til å flytte på seg, er ein i alle fall på det reine med. I seinare tid ser vi og at næringsminister Giske har lagt stor flid i å prøve å få flagga heim ein del skip. Dette tyder på at ein ser visse fordelar i dette.

På same måten bør norske styresmakter vere opptekne av å behalde ein sterk, norsk lakseproduksjon. For det er ikkje sagt at der vil bli produsert laks i Noreg i framtida uansett kva vilkår næringa får. Dels fordi der kan by seg høve til å flytte produksjon, men mest fordi ein konkurrerar med mange andre produkt i verdsmarknaden. I praksis er laks og aure dei einaste framfôra artane som Noreg er i stand til å eksportere utan å dynke dei i subsidiar, og det reflekterar kva som er det generelle kostnadsnivået kring norsk husdyrproduksjon. Mitt håp er altso at norske styresmakter no vil få eit meir pragmatisk og næringstilpassa syn på kva det vil seie å drive fiskeoppdrett. Eit regime som marginaliserar oppdrettsnæringa og innteninga der, vil skade landet. Og som vi ser; det treng ikkje å ta lang tid for ein slik effekt å slå inn.

Tekst: Øyvind Kråkås