Laks er sommarmat!

Sommaren er tida for å nyte ein matbit utandørs, og enkle måltid på camping eller hytta. Uansett korleis du tilbringar sommaren, er laksen ein sikker ingrediens i dei late, varme dagane.

Laks på grillen er stadig meir populært. Der finst ei rekke spanande variantar å få kjøpt i butikkane, eller ein kan lage sine eigne med tilgang på ein fersk og flott laksefilet.

Rå laks er det heitaste du kan ete for tida! Sushitrenden brer om seg, og Eksportutvalet sin utsending til Frankrike, Johan Kvalheim, fortel at der går det no meir sushi enn pizza til heimelevering frå restaurantane: http://www.kyst.no/index.php?page_id=95&article_id=91978

Sjølvsagt er lagringstida for rå fisk avgrensa i varmen, men for den som lever bylivet, kan eit besøk på sushirestaurant vere eit smakfullt avbrekk.

Kald, avkokt laks er ein klassikar som stadig gledar svoltne nordmenn. Dette er fabelaktig kost på varme dagar, og med det rette garnityret kan den serverast i bryllaup som til kvardags. Velsmakande og fleksibel mat, la fisken stå i krafta og et nett når det passar deg!

Røykelaks er godt til alle slags rettar. Som pålegg, til middag eller rett og slett som snacks. I butikkane får du røykt fisk med Salmon Group-kvalitet. Sotra Seafood leverar til fleire av dei store daglegvarekjedane. Den flotte laksen frå Svanøy Røykeri blir seld i utvalde butikkar, eller du kan bestille på nett: http://www.svanoy.com/Rokeriet/rokeriet.htm

Finn gode oppskrifter på laks og aure på http://www.godfisk.no/

Tekst: Øyvind Kråkås