FHL slaktar Gullestad

FHL har no ferdigstilt sitt høyringssvar til Gullestad-utvalet sine framlegg. På dei viktige punkta kring etableringa av produksjonsområde med tilhøyrande utsettsonar, er ein svært avvisande.

Vi gjengjev her nokre av punkta som omhandlar desse tinga:

“10.4. Produksjonsområder med egne utsettssoner koordinert utsett og brakklegging

- FHL er imot det konkrete forslaget til utvalget, men støtter økt grad av samhandling i

sjømatproduksjonen i havbruket, og da med særlig fokus på synkronisert brakklegging

10.5. Prosess for opprettelse av produksjonsområder og utsettssoner

- FHL støtter ikke forslaget om prosess for innføring av produksjonsområder og

utsettssoner fordi manglende kunnskapsgrunnlag og mangelfull oversikt over mulige

konsekvenser – samt manglende synliggjøring av at dette medfører bedre

arealeffektivitet og arealtilgang – ikke gir grunnlag for å starte en prosess som

foreslått.”

Desse klåre tonane i tilsvaret, er komne med takka vere sterke innspel frå dei lokaleigde oppdrettsselskapa i organisasjonen, og våre representantar i leiinga. Marine Harvest har uttrykt at dei ikkje er nøgde med så krasse standpunkt, men dei vann ikkje fram i dette felles foraet. Det er venta at dei vil levere eit eige høyringssvar. Det vil og Salmon Group gjere, og vi har hyra økonom og tidlegare banksjef Johan Magerøy for å hjelpe oss med dette. Høyringsfristen er 10. august. Etter dette kjem saka opp til politisk handsaming nasjonalt.

Tekst: Øyvind Kråkås