Salmon Blog: Er miljøpolitikken vaksen no?

Frå å vere ein keitete og godhjerta Oslo-sosialist på åttitalet, har Erik Solheim slege seg opp til ein av dei jobbane han truleg har ynskt seg mest av alt; miljøvernminister. Undervegs har han vore midt oppi konfliktar som krigen i Sri Lanka. Korleis han er med og løyser dei hindera havbruksnæringa no står overfor, vil vere prøven på om han har vorte politisk vaksen nok, til å gje truverd til miljøverndepartementet hos den delen av folket som nyttar naturen som produksjonsstad.

På Institutt for medievitenskap ved Universitetet i Bergen, nyttar ein Erik Solheim som eit skuleeksempel på korleis ein kan spele på kjensler for å vinne truverd gjennom media. Ein guteaktig og open Solheim sat i valkampen i 1989 og snakka om inntrykk av naud og fattigdom som hadde råka han på gata i Oslo. Han verka så ekte og oppriktig at mange følte tillit til den unge politikaren.

Ironisk nok er det den slags kjenslestyrte og lett påverkelege innslag som har gjort miljøpolitikken litt lite påvyrd i Noreg. Argumentasjonen har lege altfor tett opptil føleriet hos ekstreme dyrevernarar, og det konspirasjonsmessige og næringsfiendtlege hos ytterleggåande aksjonistar. Spesielt frå den yttarste venstresida har ein opplevd eit utilslørt frieri til denne delen av veljarmassen. Urbane menneske, langt vekke frå industrien sine stemplingsur og havet sine prøvingar.

Det som kjenneteiknar verkeleg god politikk, er at den ivareteke heilskapen i samfunnet. Denne politikken jagar ikkje kjappe sigrar med heilomvendingar for å tekkast ein tverr opinion med media i ryggen. Den gode politikken ser lenger. Dette gjere parti som Miljøpartiet De Grønne, så vel som Pensjonistpartiet, meiningslause. Ein verkeleg politikar kan ikkje føre politikk berre for ei utvald gruppe. Når veljarane heller ikkje i særleg grad søkjer til desse partia, er det fordi dei skjønar at det er den ansvarlege heilskapen som må til. Om du står utan jobb, er det ikkje rare trøysta at ein kar flirer frå framsida av avisa med fem ville laksar han har drepe for moro, eller at eit knippe pensjonistar nyter vinteren i syden.

Når miljøvernministeren, direktoratdirektørar og miljøaktivistar tilsynelatande snakkar ut frå det same manuset, er ein ikkje trygg på at politikken hevar seg over særomsyn, ideologiske tvangstankar, personleg prestisje eller påtrykk frå dei alltid like trulause media. Når direktoratdirektørar i tillegg syner til aktivistar, heilt utan korkje fagleg bakgrunn eller politisk ansvarskjensle, som sine beste referansar i utforminga av vegen vidare, kan tankane lett gli over til styret til dei burmesiske generalane. Dei fekk beint fram rigga opp ein ny hovudstad, på folket si rekning sjølvsagt, og på bakgrunn av noko som ein stjernetyder hadde spekulert ut.

Historia om kunnskapsministeren sitt besøk på eit oppdrettsanlegg i Trøndelag, er vel etter kvart noko forsliten. Men der spurte ho altså om kvifor ein ikkje hadde tak over merdane, viss det var slik at fisken hadde eit lag til å stikke av. No sto ikkje dette utspelet attende for korkje George W. Bush eller Boris Jeltsin sine tankar på den politiske verdsarenaen, men det blei likevel oppfatta som eit slag i trynet på folk i næringa. For kva kan ein ikkje forvente av påfunn, med eit slikt utgangspunkt? Men no var dette kunnskapsministeren, og ikkje fiskeri- og kystministeren, so ho kunne nok ikkje ventast å vite betre.

På lista over formelle rådgjevarar til forvaltninga av villaksen, og dermed av oppdrettsnæringa, finn ein forskingsmiljø som tydeleg lar seg drive av akademisk prestisje og manglande vilje til å syne sine avgrensingar. ”Vi må forske meir”, seier dei, men det betyr berre at dei må få niste til å gå enno lenger inn på den vegen dei er so godt inne på. Der finst ikkje tankar om å snu, eller å sjå etter andre vegar enn den dei har peika ut. At vi, eller miljøvernministeren, skal kunne stole blindt på desse fagmiljøa, verkar underleg. Fagmiljøa som kan mest om økonomi, føresåg ikkje den globale finanskrisa. Fagmiljøa som kan mest om lakseprisen, varsla ikkje prisfallet vi nett opplevde . Dei fekk korrektiv til sine modellar, då dei beviseleg ikkje var på høgde med situasjonen. Ein slik dytt i ryggen kan vi ikkje vere sikre på at lakse- og luseforskarar vil få. Det er nemleg slik at heile oppdrettsnæringa må vere nedlagd i mange år, før ein eventuelt kan utelukke at denne hadde skulda for villaksen sine tidvise og stadvise tilbakeslag. At der nett no er mykje laks i mange elvar, vert ikkje lagt vekt på, for det er berre mot alle odds, og difor unntak som bekreftar regelen.

Solheim har blitt kritisert for å ty til lite målretta symbolpolitikk. Karbonreinsinga ved Mongstad, som Stoltenberg overmodig nok ga namnet ”månelanding”, står i stampe. Kjøpa av regnskog ute i verda, vert forbundne med stor skepsis. Billege politiske poeng, vart til dyre, tvilsame prosjekt. Når Solheim så snakkar varmt om lukka oppdretts anlegg, og hevdar næringa er for uvillege til å setje i gang med desse store, enno usikre investeringane, har han difor ikkje ein altfor god praksis å syne til. Solheim sine velvaksne miljøkalkunar, har ikkje vore stort meir av ein suksess enn lamaen som skulle berge landbruket.

Når Solheim no skal vere med og avgjere havbruksnæringa sin vidare eksistens, og der er vi visse på at han har ei sentral rolle, så vert det ein sveineprøve for han og miljøverndepartementet. For som ein av landets mektigaste politikarar, er han ikkje berre utnemnd for å trumfe gjennom populistiske løysingar som frir til SV sine kjerneveljarar. Solheim kan ikkje lenger flyte på at han verkar ærleg og full av medkjensle. Han må beint fram syne seg som ein vaksen. Ein som kan gjere det rette, utan omsyn til om han blir heia på av aksjonistar, pressgrupper og media. Etter at støvet har lagt seg, kan han ikkje berre seie som Kjetil Hindar i NINA, at han sjølvsagt hadde rett, men at det berre er umogleg å sjå det.

Om Solheim teke feil, og navigerar etter vrangførestillingar og mediasprøyt, vil det gå ut over alt det som Noreg har bruk for; arbeidsplassar, matproduksjon, eksportinntekter, og alt som oppdrettsnæringa sin suksess er med og finansierar. Det kan jamvel hende at ein må klare seg med ei noko mindre folkerik forvaltning av villaksen. Han kan neppe vente seg at desse personane er villege til å flytte attende til naturen, straks dei har fått det slik dei vil. Dei har jo si karriere å tenkje på.

For ei tid attende gjekk Rasmus Hansson i WWF ut og påsto at kvar gong nokon i forvaltninga meiner noko kontroversielt, vert dei avvæpna med at dette er politikk, og utanfor deira arbeidsområde. Til det er å seie at kontroversielle funn i forsking (slik som ei avsløring av at NINA manglar dokumentasjon på stadig tilbakevendande påstandar) er ikkje politikk. Det som er politisk, er når ein byrjar å foreslå konkrete endringar i lovverk og rammer. I det norske demokratiet har vi delegert slike oppgåver til dei folkevalde. Dei skal vekte ulike tiltak sine konsekvensar opp mot den positive effekten tiltaka vil ha. Noko slik vekting var der ikkje å finne når direktoratdirektøren gjekk ut og kravde ei halvering av biomassen i norsk lakseoppdrett. Der vart heller ikkje lagt ved nokon dokumentasjon på kvifor ei halvering skulle vere det saliggjerande, og ikkje like godt nitti prosent. Eller førti, eller hundre.

Direktoratdirektøren, minoritetspolitikarar, kanopadlarar og aksjonistar, legg ikkje til vekt konsekvensar for samfunnet når dei går ut og beint fram forlangar politiske stunts. Sjølvsikre og vidløftige jagar dei einøygd rundt på kjepphestane sine, med ei roterande liste av krav mot alle ein tek for gitt at kan betale litt meir for å få fred. Stort sett er det staten og det viktigaste næringslivet. For Solheim bør dette vere eit nivå han distanserar seg frå, med synlege rørsler. Norsk miljøpolitikk må ikkje halde fram med å berre vere eit ungdomsopprør. No er det på tide å bli vaksen.

Tekst: Øyvind Kråkås