To dagar, to typar lukka anlegg
I løpet av to dagar denne veka hadde to av SG sine aksjonærar presentasjonar av sine framlegg til teknologi for lukka anlegg.
Først ute var Sulefisk AS, som tysdag hadde besøk av ein stor delegasjon frå Innovasjon Norge. Dei fekk høyre om “Eco Merden”, ein type lukka oppdrettsteknologi bygd på prinsippet om ein stålkrage med ein presenning som omsluttar nota. Saman med selskapet Feed Control i Bergen, held Solund verksemda no på med tilrettelegginga for forsøk med denne anleggstypen.
- Medan pressenning ikkje er mykje pårekna som materiale her hos oss, er ein nede i Europa svært kompetente på å nytte pressenning som eit konstruksjonsmateriale, seier dagleg leiar i Sulefisk, Jostein Kråkås. I første omgang tenkjer han seg eit såkalla påvekstanlegg, der ein held fisken i det lukka systemet til han er omlag eitt kilo.
Onsdag vart det duka for presentasjon av FLO på Hjortesenteret på Svanøya. Ola Sveen og Gunnar Stavøstrand er gründerane bak dette konseptet, som er ein flytande oppdrettsinstallasjon i stål. Ola Sveen presenterte sin bakgrunn frå utviklinga av oppdrettsteknologi, eit tema som spenner frå Svanøya til franskekysten, der han var med på å drive oppdrett i tankar ombord i eit tankskip. Erfaringane han har hausta under vegs, har nok vore nyttige å ta med i utviklinga av FLO-konseptet. Namnet er ei forkorting av Flytande Lukka Oppdrettsanlegg.
Begge dei to konsepta baserar seg på å hente sjø frå djupare enn 25 meter, og pumpe denne inn i anlegget. Dette, samt auka materialkostander, vil sjølvsagt gjere lukka drift ein del dyrare enn dagens opne anlegg. Det ein håpar å ha att for dei ekstra kostnadane, er friskare fisk med mindre lus, betre fôrutnytting og meir kontrollerte miljøtilhøve. Men prosjekta er enno på tidlege stadie, og ein vil nok sjå konvensjonelle anlegg i drift i mange år enno. Kristine Gramstad, som var frammøtt på Svanøya som statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, sa at ein kanskje først og fremst vil sjå denne teknologien i bruk på lokalitetar og i område som er mindre eigna til konvensjonell drift med opne merdar og naturleg gjennomstrøyming.
For Salmon Group er det iallefall ei stor glede å kunne vise til så mykje god kunnskap og innovasjon i eigne rekker. Vi ynskjer både Sulefisk og Svanøy Havbruk lukke til vidare med prosjekta.
Tekst: Øyvind Kråkås