Stort oppmøte på Laksens Dag
Etter månader med tilrettelegging, var det endeleg klart for Laksens Dag på laurdag 18. juni. Og dei involverte har god grunn til å
vere nøgde med arrangementet. Smaksprøvar, grilling, kokkekampar og ein kjendiskokk, lokka mykje folk til torget i Florø.
Det var lett regn over kystbyen då konferansier Johan Trygve Solheim ynskte velkomen til arrangementet, men likevel var der ein god del menneske som fekk med seg kokkekampen mellom eit lag frå Florø Sportsklubb si ungdomsavdeling og Neptun 4H. Både publikum, arrangør og dommarpanelet let seg imponere over dei rettane ungdomane laga i stand på den korte tida dei hadde til rådvelde. “Hadde eg fått servert dette til lunsj, hadde eg vore godt nøgd”, sa den kjende kokken Ole Jonny Eikefjord. Han var konsulent og dommar i tevlingane, i tillegg til at han serverte smaksprøvar av rå laks, og signerte den flett nye kokeboka si med rettar av sjømat.
Like nøgd var nok ikkje den kjende restaurantsjefen då han kom til rettane som dei vaksne aktørane laga i sin kokkekamp. Men at det var moro, ga publikum klare attendemeldingar om. På den eine komfyren jobba dei to politiske motstandarane Bengt Solheim Olsen (ordførarkandidat frå Høgre) og Bente Frøyen Steindal (sitjande ordførar i Flora for Arbeidarpartiet). Dei kjempa mot herrane i Hipp Hipp Flora; Roy Austbø og Per Øyvind Helle. Tonen var uformell, og ei stor folkemengde stimla saman for å sjå konkurransen som utspelte seg.
I tillegg til gratis smaksprøvar leverte frå dei skarpe knivane til kokkane Tore Skarstein og Ole Jonny Eikefjord, vart der tilbydd gratis laks på grillen for dei yngste, og billeg grilla laksemiddag med hjelp frå Flora Røde Kors. Over 400 middagar vart selde i løpet av dei timane arrangementet pågjekk, og dette står godt i høve til budsjettet for arrangementet. Grillmeister Nr. 1 var Harald Engevik, godt kjend i næringa for sin jobb i EWOS.
Arrangementskomiteen vil rette ei stor takk til alle som har bidratt til at Laksens Dag vart den folkefesten ein håpa på. Berre eit hav av godvilje og dugnadsinnsats gjere slike ting mogleg. Ein vil no evaluere arrangementet, og diskutere om dette bør bli ei årviss hending. Vi takkar og resten av Himmel & Hav-gruppa; Sildebordet, Kinnaspelet, båtmessa og Florø Rockeklubb.
