Salmon Blog: Laks for livet, laks for landet
Neste laurdag er det klart for
signalarrangementet Laksens Dag i Florø. Denne folkelege mønstringa av
havbruksnæringa, tek utgangspunkt i to element; den fantastiske maten norsk
lakseoppdrett produserar, og den enorme verdiskapinga den gjere for lokalsamfunn
og storsamfunn. Lakseoppdrett er kysten og fjordane sitt klåre svar på
nedbygging av maritim industri, utflagging av skipsfart, rasjonalisering av
fiskeri og utflagging av fiskeindustri. Og så er oppdrett fiskarbonden sin
stolte arvtakar.
Nokre tiår attende var nær sagt dei fleste
familiar på kysten matprodusentar og fangstfolk. Alle hadde sauer, og kanskje
nokre grisar. Ein fiska for å dekke familien sine behov for billeg mat og
marine proteinar. På vestlandet har silda ofte vore symbolet for vår rike
tilgang på ressursar. I sesongane kunne ein tene formuer og dekke store
matbehov på kort tid. Byen Florø vart bygd på silderessursane og aktiviteten
dei medførte.
I dag er alt annleis. Nordmenn har godt
betalte jobbar og kjøper maten ferdig frå kjøledisken. Sesongane er
grillsesongen, jul, påske og 17. mai. Vi har industrialisert matproduksjonen
vår. Nordmenn flest slepp å lure på om sildesesongen vil slå til. Vi tenkjer
meir på været enn på tilfanget av råvarer, for diskane er stadig fulle. Vi har
so godt med matvaretilgang at vi byrjar å bli litt forvirra. No skal vi ete
rett for å redde klimaet, kulturlandskapet og økosystema. Dette er langt meir
komplekse målestokkar enn å kunne ete seg mett.
Men verda treng mat. Nordmenn kan ete nett
det dei vil, og dei vel å ete mykje kjøt. Billege kotelettar og kjøtdeig fyller
tilbodsavisene og menyane i norske heimar. Det er enkelt å lage, ungar likar det
vanlegvis, og det er subsidiert ned til ein låg nok pris. Kjøt vert posisjonert
framfor fisk i norsk matvarepolitikk. Overproduksjonen i norsk landbruk vert
dumpa i den europeiske marknaden. Vi betalar for å bli kvitt ost og agurkar vi
ikkje klarar å ete opp. Alt for å sikre at naturinngrepa vi har gjort gjennom
hundrevis av år, ”kulturlandskapet”, ikkje går attende til naturen.
Den totale produksjonen av kjøt i Noreg
var i 2009 på 316 000 tonn. Same året produserte norske oppdrettarar 847 200
tonn laks. I fjor dunka lakseprodusentane oppunder den magiske grensa 1 million
tonn. Ein milliard kilo. Om ein laga ein lakserett med eit par hundre gram i
kvar porsjon, kunne heile verda kome og ete middag av norsk laks. Og det meste
går ut i verda. Sunn og velsmakande sjømat frå klåre, kalde farvatn er
etterspurt over alt kvar økonomien veks. Kina, Russland og Brasil seglar opp
som store marknader. Marknadsføringa vert betalt av næringa sjølv. Kan det vere
mangelen på statlege subsidiar som gjere regjeringa så likegyldig?
Ein reknar at om lag 20.000 norske jobbar
har sitt utgangspunkt i havbruksnæringa sin produksjon. Byar og bygder som har
levd av fiskeria gjennom heile den kjende historia, har fått ein nytt bein å
stå på. I si festivalavis skriv Firdaposten at laksen no er like viktig for
Flora som silda i si tid var. Dette må vi vere vakne for. Medan fylkesmann og
miljøvernarar prøver å avskjære oss med tullpreik om for knappe sjøareal,
viktige turistressursar ved elvekanten og friluftslivet sin nøkkelfunksjon med
å ivareta norsk natur, sit der ein kinesar ved restaurantbordet i Beijing og lurer
på kvar det vert av laksen han har bestilt. Og om ikkje desse nordmennene snart
kan levere det han har bruk for, vil han heller flytte heile produksjonen til
ei strandlinje nærare millionbyen og milliardlandet.
Laks er ei fantastisk råvare og ein
fornybar ressurs. Millionverksemder er skapte der det før berre var ein bolt i
berget, til minne om landnotfiskeria som er ugjenkallelig forbi. Fiskarbonden tusla
ikkje over i ei boble av subsidier og vikarierande samfunnsmotiv når
landnottida var forbi. Han let seg ikkje stoppe av at elvefiskarane fråtok han
retten til å fiske vill laks heller. Fiskarbonden var framleis
omstillingsdyktig, og han såg kvar verdiane låg. Han skjønte kva verda trengde.
Sunn mat i store kvantum. Han såg kva landet trengde. Folk som ville arbeide og
satsa på framsteget. Mot alle odds har dette gjort matproduksjonen på norskekysten
levedyktig i tider med høg prisvekst og globalisering. Det skal meir enn eit
statsapparat rusa på oljemilliardar til for å setje fiskarbonden ut av spel.
Tekst: Øyvind Kråkås