Salmon Blog: Føre var, og det som var før

Føre var prinsippet vert ofte helde fram i
saker der ein ynskjer å etablere næringsverksemd. Prinsippet skal hindre at ein
set i gang med påverknad av miljøet som ein ikkje kjenner omfanget av, slik som
ved eit stort utslepp av støv og kjemikaliar i Førdefjorden. Dersom ein
eigentleg er ute etter å seie at der bør etablerast minst mogleg ny
verdiskaping, er ein ute med ”det som var før prinsippet”. Det er noko heilt
anna.

”Det som var før prinsippet”, handlar om
at mennesket eigentleg ga slepp på sine beste sjansar, og no er på veg til å gå
under. Det vert oftast forfekta av religiøse fanatikarar, eller folk som berre er
lite framtidsretta. Sistnemnde er dei vanlegaste. Dei trur ille om framtida, og
er ikkje stort meir optimistiske på notida sine vegne. Det var før at ein
verkeleg forsto ting. Dei snakkar om kasteplassar og stengjeplassar, sjølv om
dei stort sett ikkje har vore spesielt aktive med korkje kasting eller stenging.
I den tid landnota var i bruk, var den sikkert for effektiv den og. Eller dei
var opptekne med å skrive illsinte avisinnlegg om noko heilt anna som var iferd
med å legge det beste bak oss.

For det var slike folk som var redde for
at menneskekroppen ikkje skulle tole å reise med tog, og meinte dei gamle
fjordabåtane alltid ville vere det beste tilbodet for folk i distrikta. ”Det er
best å vere forsiktige”, seier dei, og finn seg jobbar tettast inni omnskråa
til statskassen. Der leve dei godt med fast inntekt basert på det andre skaper,
og har samstundes god nok tid til å preike om korleis alt burde vore innretta.
Eller rettare sagt; kor lite som burde vore utretta. ”Før levde ein heil
familie av to sauer og tørka pale”, seier dei. ”Og det er synd at det ikkje
lenger er slik”, føyer dei til, medan dei nyttar nok ein avspaseringsdag til å
padle i kano og ergre seg over at der er noko som spolerar litt av utsikta frå
det eine stovevindauget.

Gå aldri i den fella at du trur at desse
folka sit med ein plan for eit velfungerande samfunn. Desse har aldri utvikla
noko som helst anna enn ein skepsis til næringsdrivande og andre som prøver å
få til og fornye noko. Hadde desse levd i den tida då folk verkeleg sleit seg
ut i arbeidet, hadde dei ikkje vore mellom dei utslitne. Dei hadde gått kring
og snakka om alt det fryktelege som var iferd med å skje, og mulla om ei tid då
ein levde på eple frå trea i nærleiken. Dette er menneske som piskar fløyten av
den norske velstanden, samstundes som dei latar som at dei ikkje er ein del av
han. Dei likar å framstå som nøkterne, men eigentleg er dei grådigast av alle,
der dei ynskjer å ta del i alt, utan å ofre noko. Og medan dei drøsar i veg med
det som var før, sit ein stor del av verda og lever under ein standard som står
mange tiår attende for den vi har. Og desse opplever ikkje det som det aller
minste ideelt. Dei ynskjer seg berre utvikling, fordi dei har forstand på kva
det vil seie å stå stille.

Tekst: Øyvind Kråkås