Laksen- raskaste vegen til verda
Salmon Group har vore so heldige å få bidra til årets utgåve av “Fiskerikandidaten”, bladet til avgangselevane ved Fiskerihøgskulen i Tromsø. Du kan lese vårt bidrag her:
Oppdrettsnæringa tok sine første steg i
norske vikar og fjordar, og baserte seg på kunnskapen folk ved havet hadde om
nøter, og kunnskapen folk ved elvane hadde om kultivering. Ut frå dette bygde
ein opp det som i dag er ein årleg produksjon på nesten 1 million tonn
næringsrik mat. Og det mest fantastiske er at verda etterspør meir og meir laks
frå Noreg.
I dag er norsk laks ei merkevare som vert
etterspurt over alt kvar du kjem i verda. Og medan laks har vorte ein viktig
del av kvardagskosten i Noreg, er han framleis rekna som festmat mange andre
stader. Kort sagt kan ein seie at laksen toler å bli teken fram ved dei fleste
anledningar. Variantane er uendelege, frå spekelaks, røykelaks og gravlaks, via
utallige rettar med steikt og kokt laks, til den rå sushien. For oss er rå fisk
enno noko nytt og eksotisk, men i den austlege verda er dette vel etablerte
mattradisjonar. Bruken av laks i denne forma, er derimot ei norsk oppfinning.
Det var norske utsendingar som fekk japanarane til å byrje med oppdrettslaks
til sushibruk. I utgangspunktet var dei skeptiske, fordi den tradisjonelle
ville laksen var mager, og plaga med parasittar. Men oppdrettslaksen synte seg
å vere ideell til denne typen mat. I dag er sushi med norsk laks ei sjølvfølgje
over heile verda.
Om vi ser på laksen sin veg fram mot
ferdig måltid i Tokyo, Moskva, New York og Cape Town, finn vi ei effektiv linje
frå produsentar, via slakteri og eksportør, til kunden i det aktuelle landet.
Noreg har framleis eit rikt utval av aktørar i alle ledd, som er med på å sikre
kvalitet, effektivitet og eit konkurranseretta marknadsapparat. Det meste av
laksen blir framleis frakta som fersk ut i verda, men moderne fryseteknikkar
gjere det mogleg å levere frosen fisk med kvalitet som er like god som fersk.
Dette bidrar til ein mest mogleg miljøvenleg transport ut til kundane. Frå før av er laksen mellom dei aller mest
klimavenlege ”husdyra” . Produksjonen i sjø føregår ved naturlege havstraumar
og sjøtemperaturar, laksen nyttegjere seg ekstremt effektivt av fôret, og ein
kan nytte bortimot kvar minste del av fisken.
For den som ynskjer seg ein jobb relatert
til norsk laks, er moglegheitene mange og varierte. Ein kan ta fagbrev i
akvakultur og jobbe tett på produksjonen i merdane, ein kan bli veterinær og
jobbe med fiskehelse, ein kan med ulike utdanningar få ein stilling i
forvaltninga, eller ein kan jobbe med foredling, sal, marknadsføring, biologi,
kjemi, IT eller administrative oppgåver. For den som ynskjer seg oppgåver
utanlands, er der og mange tenkelege stillingar. Norske oppdrettsselskap har
aktivitet i Canada, Chile, Skottland og på Færøyane. I tillegg har norske
eksportfirma kontor i ei rekke land, og Eksportrådet har utsendingar til mange
marknader. Til og med i restaurantleddet er der mange nordmenn som driv godt
med norsk laks som råvare ute i den store verda.
Salmon Group AS er eit nettverk av
lokaleigde oppdrettsselskap, men også vi opptrer i internasjonale fora. Til
dømes har vi eit samarbeid med eit hollandsk selskap om utviklinga av Integrert
Akvakultur, eit prosjekt som skal utnytte næringssalt frå lakseproduksjonen til
kommersiell oppdrett av tare. Taren skal i sin tur gå til framstilling av høgverdige
produkt i den internasjonale marknaden, slik som matvarer, medisin og
biodrivstoff. Akkurat som ved utviklinga av lakseoppdrett, samspelar her ulike
typar kompetanse om å skape ny næring. Salmon Group har og eit samarbeid med
NOFIMA om ein eigen fôrresept. Resepten baserar seg på å utelukkande nytte
bærekraftige ressursar som råvarer, og gir ein friskare og meir motstandsdyktig
fisk, mellom anna mot tarmsjukdom og påslag av lus.
Tekst og foto: Øyvind Kråkås