Kokkekamp for ungdom opnar Laksens Dag

Laurdag 18.juni klokka 11.00 opnar Laksens Dag med ein duell mellom Neptun 4H og FSK.

Dei to laga skal tevle om å lage den beste lakseretten, og eit dommarpanel beståande av stjernekokken Ole Jonny Eikefjord, Gro Sveen frå Svanøy Røykeri, kokk Tore Skarstein og Solveig Willis frå Salmon Group skal avgjere kven som trekke det lengste strået. Værmeldingane for laurdagen er gode, og arrangøren meinar å vere godt i rute. Vi håpar at publikum skal oppleve å bli meir kunnskapsrike både om laksen sitt potensiale som råvare, og om næringa sitt mangfald og viktige posisjon i Noreg.

Tekst: Øyvind Kråkås