Jostein Kråkås fyller 55 år

Styreformann i Salmon Group og dagleg leiar i Sulefisk, Jostein Kråkås, fyller 55 år 29. juni. SG gratulerar og ynskjer at han enno ofrar seg i mange år for sjømatnæringa.

Jostein er fødd og oppvaksen på Eide i Solund kommune. Han er utdanna maskiningeniør, og jobba i mange år i Hydro før han kom inn i havbruksnæringa på full tid. Han overtok leiarjobben i Sulefisk i 1994, men hadde då allereie jobba mange år saman med verksemda om å tilknyte seg fleire konsesjonar for matfisk. I tillegg var han ein av grunnleggjarane av Sol Smolt AS. Jostein Kråkås har vore styreformann i Salmon Group sidan samanslåinga av Salmon Partners og Norwell Group i 2006.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås