I mål med fôravtalane
Salmon Group har sluttført årets fôrforhandlingar, og ser fram til
dei positive resultata dette vil gje eigarane våre. BioMar og EWOS vert
nettverket sine avtalepartnarar for det neste året.
Vi fokuserer på matvaretryggleik og kvalitet når vi hentar inn
tilbod, og vi føler at desse omsyna vert svært godt ivaretekne med dei avtalene
vi no har inngått. Som alltid har vi stilt strenge krav, og desse føler vi at
leverandørane har sett verdien av og kome oss i møte.Vi likar å ha full
kontroll på kvaliteten på den fisken vi produserer, og det kan vi no stå inne
for vidare. Fokus på kostnadseffektive løysingar er ivaretekne for
avtalepartane.
Det skal løne seg både i innkjøp av fôr, produksjonsresultat og på kvaliteten på ferdig fisk å vere med i Salmon Group,
og det sikrar desse avtalane.
Tekst: Øyvind Kråkås