Global GAP i Salmon Group

Det er med stor stoltheit vi kan meddele at Eide Fjordbruk og KJ Eide Fiskeoppdrett no er sertifiserte for Global GAP.

Sertifiseringsordninga er i dag rekna for å vere den mest relevante for å imøtekome den vestlege marknaden sine krav. Det vert føresett at alle ledd i produksjonskjeda vert godkjende av sertifiseringa sine eigne revisorar. Mange er avventande til å søkje godkjenning, då det er forbunde med svært mange krav, og alt av dokumentert vert tilsendt på engelsk. At desse to systerverksemdene no er godkjende, er eit resultat av god og systematisk jobbing blant deira eigne leiarar og tilsette, samt ei tett oppfylgjing frå Salmon Group sin IK-ansvarlege,  Arild Hagenes, under vegs.

Tekst: Øyvind Kråkås        Foto: Arild Hagenes