Gje tilbakemelding, vinn ei signert kokebok!
Alle som var tilstades på Laksens Dag i Florø 18. juni vert, inviterte til å kome med ei tilbakemelding. Dei som sender inn ein e-post om si oppleving før 1. juli 2011, er med i trekninga av ei signert kokebok!
Stjernekokk Ole Jonny Eikefjord, aktuell i tv-programmet Sommertid på TV2, var eit av trekkplastera under Laksens Dag 2011. Eikefjord serverte smaksprøvar, sat i dommarpanelet under kokkekampane og signerte den nye boka si “Fisk & Skalldyr”. Denne boka kan du no bli den lukkelege eigar av, dersom du sender di tilbakemelding på arrangementet til oyvind@salmongroup.no før 1. juli 2011.