Storfint besøk hos Marø Havbruk
Onsdag 27. april var departementsfolk og politikarar frå både sentralt og lokalt hold på turboturnè på kysten av Sogn og Fjordane. Marø Havbruk var blant verksemdene som fekk besøk av delegasjonen.
På Marø sitt anlegg fekk dei tilreisande sjå lakseoppdrett i praksis, og dei fekk lære om korleis ein har satsa på lokal foredling ved Svanøy Røykeri.
“Det er positivt at både lokale og sentrale politikarar tek turen ut på merdkanten, for å lære meir og for å setje seg inn i kva næringa betyr og kva utfordringar vi er opptatt av”, seier Elin Tveit Sveen, dagleg leiar ved Marø Havbruk.
Delegasjonen var og innom mellom andre EWOS i Florø, før turen gjekk vidare til Måløy. At Oslofolket har litt å lære om livet i trivselsfylket, vart ganske tydeleg undervegs. Dei hadde sett på kartet og rekna med at turen mellom dei to fiskeribyane skulle ta om lag ein time. Realiteten er at ein brukar tre timar på å køyre frå Florø til Måløy.
Delegasjonen besto av fylgjande personar:
Rikke Lind, statssekretær nærings og handelsdepartementet
Eskil Pederesen, leiar AUF
Erlend Opstad, rådgiver Næringspolitisk avdeling, NHD
Åge Larsen, Gruppeleiar Flora AP
Karianne Torvanger, politisk sekretær for Ordførar, Flora
Solveig Willis, Leiar Flora AP
Nils P Støyva, leiar Sogn og Fjordane AP
Monica Oppedal, partisekretær S&Fj AP
Kristin Maurstad, leiar Vågsøy AP
