Stjernekokk til Laksens Dag

Ein av landets mest kjende kokkar har takka ja til å delta på Laksens Dag i Florø 18. juni.

Det er med stor glede at arrangøren no kan presentere den lokale stjernekokken Ole Jonny Eikefjord som ein av mange sterke krefter under arrangementet. Eikefjord driv til dagleg tre restaurantar i Oslo, deriblant sjømatrestauranten Fjord. Han er eit kjent andlet for dei fleste, gjennom sin opptreden i fjernsynsprogrammet “Sommertid” på TV2. På Laksens Dag vil det bli høve til å smake på Eikefjord sine rettar basert på havets gull, og han vil og vere dommar under kokkekampane på torget.

Ole Jonny Eikefjord er perfekt for Laksens Dag, han kombinerer det lokale med det internasjonale, nett slik laksenæringa er prega av i si verksemd. Vi kunne ikkje tenkje oss eit betre trekkplaster enn han.

Tekst: Øyvind Kråkås    Foto: Det Norske Samlaget