Solskin på næringa i Brüssel
Den årlege sjømatmessa i Brussel gjekk av stabelen 3.-5. mai, og lokka oppdrettarar, eksportørar, foredlarar og forseljarar til EU-hovudstaden.
Messa gjev rom for alle slags typar sjømat, frå alle verdskantar, men laksen er likevel framtredande i utstillingshallane. Trua på laksenn si framtid er stor, men ein og annan foredlar uroar seg over det høge prisnivået. Per Vidar Ottesen hos eksportselskapet Norwell, seier at høg pris til oppdrettar, kombinert med sterk krone mot dollar, byr på visse utfordringar. Samstundes held han fram at prisane stig også for dei fleste andre matvarer, og at laksen står i ei særstilling kva gjeld kvalitet, smak og sunnheit.
Messa er ein viktig plass for produsentar å stille ut nye og velkjende varer, men og ein møteplass for folk frå alle ledd i næringa. Formelle og meir uformelle diskusjonar finn sin plass mellom stands og eit yrande folkeliv. EU byen synte seg frå si beste side desse dagane, med fine sommartemperaturar.
